Økonomien i Kinn

Økonomien i Kinn vert krevjande, særs krevjande. Denne veka hadde Fellesnemnda arbeidsmøte med hovudfokus på økonomien. I dag skriv begge lokalavisene om dette, og NRK har meldt det same på sine sendingar. I nemnda sitt møte vart det lagt fram materiale som syner at vi med bakgrunn i kommunane sine budsjettvedtak frå desember sit med eit akutt omstillingsbehov på om lag 53,5 millionar kroner. Det byggjer på ein føresetnad om ramma for drift av kommunen har ei negativ utvikling på 94 millionar kroner. Mogelege positive endringar vurderer vi i dag til om lag 40,5 millionar. Slik kjem omstillingsbehovet i 2020 på 53,5 millionar. Det ligg ikkje føre tal knytt til mogleg reduksjon på utgiftssida knytt til Bryggja. Når dette ligg føre vil akutt omstillingsbehov på 53,5 millionar kr. bli redusert. Men utfordringane vert ikkje mindre på lang sikt.

Føresett grensejustering av Bryggja hadde kommunane hatt dei forholdsmessige same utfordringane kvar for seg. Slik sett kjem dei uavhengig av kommunesamanslåinga. Vågsøy har vedtatt eit budsjett for 2020 der dei manglar 26 millionar kroner. Deretter 51 millionar årleg i økonomiplanperioden. Flora varslar ei innsparing på drifta i 2019 på 24 millionar. Seinare i økonomiplanperioden veks dette behovet til 58 millionar kroner.

Det er difor ikkje tvil om at arbeidet med økonomien i Kinn må ha høgste prioritet. Flora kommune har starta Omstilling 2019, eit program som skal sjå på dei fleste sidene av drifta, også nedbemanning. Vågsøy har vedtatt eit budsjett med ein monaleg reduksjon i sektorane sine rammer, men Vågsøy har ikkje starta eit tilsvarande program som Flora; korleis innsparinga skal skje. Fellesnemnda kom til semje om å oppmode Vågsøy kommunestyre om å vedta eit tilsvarande program som Flora. Det vil vere heilt naudsynt – og vi kan ikkje vente til Kinn er ein realitet før dette arbeidet byrjar. Dette handlar ikkje om at eg skal inn i Vågsøy sin organisasjon og blande meg inn i drifta, men om eit godt samarbeid mellom alle tre rådmennene om det budsjettarbeidet som ligg føre oss. Eg ser at dette kan bli ei krevjande øving, og vi skulle sjølvsagt ønskja at situasjonen var annleis, men samstundes gjer vi alle ei bjørneteneste med å utsette arbeidet.

Vi får gripe fatt i det og gjere det som er best for innbyggarane på lang sikt.

Møte i Fellesnemnda i neste veke

Fellesnemnda har møte tysdag og onsdag i neste veke. Sakene finn du på kinn.kommune.no. Eg vil likevel nemne nokre av dei. Eg vil i lukka del

orientere nemnda om situasjonen kring innplassering av brannsjef i Kinn. Så skal nemnda ta stilling til organisering av Ungdomens kommunestyre. Der har vi fått innspel frå dei unge sjølve og det er dette som vert lagt til grunn. Det er også sak om organisering av hamnene i kommunen. Det er framleis ei målsetting om ei fellesorganisering med Nordfjord hamn, men vi er ikkje komen dit no.

Val av revisjonsordning for Kinn står også på saklista. Her står strengt tatt valet om å delta saman med femten andre kommunar, eller om vi skal lyse ut ein konkurranse. Eg tilrår det første alternativet. Fellesnemnda skal også velje sekretariat for kontrollutvala. Vi er invitert til å bli medlem i kystkultur.no. Nemnda avgjer det. Møtereglement for Kinn ligg også føre. Til slutt er det eiga sak om Budsjettguide for Kinn kommune. Den legg føringar for budsjettarbeidet til hausten og vidare framover. Det er også ei sak om oppretting av stemmestyrer i samband med valet til hausten.

Båtruta på plass

Dette har eg skrive om i fleire fredagsbrev tidlegare. Eg vil likevel at vi no gleder oss over at fylkestinget følgde opp og tildelte midlar til føremålet. No skal vi kople oss opp mot Fjord 1 og fylkeskommunen om det praktiske, blant anna tid for oppstart av ruta. Slik vi no planlegg blir det etter ferien og kan hende i samband med skulestart. Vi kjem med meir informasjon når dette er avklara.

Stem på det kommunevåpenet du vil ha!

Etter Fellesnemnda sitt møte i neste veke kan alle vere med på å avgjere Kinn kommune sitt kommunevåpen. Dette skreiv eg om i førre fredagsbrev. No er det berre påminning og med håp om at du deltek i røystinga. Så håper eg du også oppmodar så mange som mogeleg til det same.