Tilsetting av brannsjef – eg har gjort feil og ber om orsak
I saka om tilsetting av brannsjef I Kinn har vi bygd på ein føresetnad som viser seg å vere feil. Føresetnaden var at Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) dispenserte frå forskrifta og såleis godkjende brannsjefen i Flora slik at han også var formelt kvalifisert som kandidat til stillinga som brannsjef i Kinn. Vi fekk dispensasjon, men noko var uklart. Flora kommune tok difor kontakt med DSB for å få ei naudsynt avklaring av kva vedtaket omfatta. Etter denne avklaringa er det blitt klart at Flora kommune feilaktig har lagt til grunn at vedtaket også omfatta dispensasjon frå kvalifikasjonskrav knytt til stillinga som brannsjef.
Dette er ei misforståing som har fått følger i den vidare prosessen. Ei godkjenning som brannsjef ligg ikkje føre og difor blir også tilsettinga som brannsjef i Kinn feil. Vi har lest i avisene om saka både i artiklar og lesarbrev. Som rådmann kommenterer eg aldri personalsaker i media. Grunnen til at det har gått tid før vi no informerer handlar om å vurdere kva handlingsrom vi har når vi erkjenner å ha gjort ein feil.
Forskrifta inneber ei avgrensing i kommunen sin handlingsfridom. Det er rettslege krav som går utover kommunen sin styringsrett. Brannsjefen i Flora var på tida for tilsetting ikkje kvalifisert til å bli vurdert som brannsjef, nettopp med bakgrunn i forskrifta. I forkant av tilsettinga vart begge vurderte som kvalifiserte. Med dette utgangspunktet vart Robert Endestad vurdert som best eigna etter ein heilskapsvurdering. Når det no viser seg at Endestad ikkje er formelt kvalifisert til stillinga, blir stillinga tilbydt Kim Hjelle. Eg vil rose begge for å ha vore særs ryddig i denne prosessen. Det er ei vanskeleg sak å stå i og begge har vore profesjonelle i situasjonen.
Det er kan hende spesielt å skrive om dette i eit fredagsbrev, men eg gjer det fordi eg veit at avisene vil omtale saka når dette vert kjend. Vi held sjølvsagt fram dialogen med dei saka gjeld.
Nye avtalar om konferanse- og overnattingsstader for Kinn kommune
I går ettermiddag vart det sendt ut tildelingsmelding til tilbydarar i anskaffing av "Rammeavtale Konferanse- og overnattingstenester til Flora og Kinn kommunar". Kinn kommune har til hensikt å inngå tre parallelle rammeavtalar. For konferanse- og overnattingstenester i Florø, skal Quality Hotel Florø nyttast. For konferanse- og overnattings tenester I Måløy skal Thon Hotel Måløy nyttast. For konferanse- og overnattingstenester på samlingar der ein ønskjer å “reise vekk” men likevel være i nærområdet, skal Knuthomen AS nyttast."
Rammeavtalane gjeld for 2 år. Avtalar og prisliste med meir vert å finne på felleskatalogen så snart dei er ferdigstilte. Vi inngår avtale med dei tre leverandørane like etter månadsskiftet.
Eit steg nærare Kystrådet
No er alle ordførarane i kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje vorten samde om vedtektene for eit interkommunalt politisk råd. Det er positivt og viktig for å kunne arbeide vidare med å utvikle kysten vår. Ein ny fylkeskommune med stor kraft og fokus på kysten vil vere ein sentral samarbeidspart for å få til utvikling innanfor rådet sitt arbeidsområde. Fylkeskommunen signaliserer sterkt at dei vil leggje til rette for samarbeid med regionar som har klare felles mål og satsingar for utvikling i sitt område, og kan hende då mindre samarbeid med einskildkommunar.
Dette gir kystrådet moglegheiteter som vil krevje at kommunane i rådet står samla bak dei viktige strategiske oppgåvene som vi ønskjer å løyse. Prosjektstaben ferdigstiller no ei politisk sak som skal gå til alle kommunestyra slik at dei kan ta stilling til eiga deltaking i rådet.
Organisering av hamnene
Ordførarane i Nordfjord og Flora har no vorten samde om å vidareføre arbeidet med å sjå korleis hamnene i Stryn, Stad, Kinn, Gloppen og Bremanger kan samlast i eitt selskap eller konsern. Arbeidet skal vere sluttført innan utgangen av februar 2020. I tillegg til dette skal eg legge fram ei sak for Fellesnemnda i Kinn i september om korleis Kinn kommune skal organisere og drive si hamneverksemd fram til ny organisering eventuelt vert innført.
God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!