Tilsettingar i stillingane som rekneskapssjef og kemnar 
Norvall Bakke
 er tilsett I stilling som rekneskapssjef I Kinn.  Han er 51 år og kjem frå Kalvåg i Bremanger. Han har arbeidd som økonomisjef i Vågsøy kommune i 17 år, og har med det gode føresetnader for å tre raskt inn i stillinga som rekneskapssjef i Kinn kommune. Norvall har og god brukarerfaring frå IKT-området, noko som vil vere til stor nytte for digitaliseringsprosessane i Kinn kommune.

Rune Osa er tilsett som kemnar i Kinn.  Han er 64 år og har arbeidd i Flora kommune sidan 1974.  I dei siste åra har han også vore ansvarleg for eigedomskatten i Flora.  Det vil han få i Kinn også.  Han har såleis lang og brei erfaring innan dette feltet i økonomiforvaltinga. Eg ønskjer begge lykke til med nye utfordringar i Kinn

Personalarbeid i vekene som kjem
Vi ser at vi er på etterskot med innplasseringar og tilsettingar i Kinn.  For prosjektet er det inga krise, men for dei det gjeld er det utilfredsstillande.  Vi vil difor styrke personalfaget med inntil ei 100% stilling slik at vi får auka både den personalfaglege delen og ikkje minst kapasiteten innan dette feltet.  Her gjer vi avtale med personalavdelinga i Flora som vil kome inn med ressursar i prosjektet.  Noko av det første vi vil gripe fatt i er formalisering av dei innplasseringane og tilsettingane vi har gjort så langt.  Blant anna sende ut formelle tilbodsbrev der vilkåra for tiltreding er fastlagde.  Samstundes vil vi ta stilling til dei rettskrava som no ligg føre.  Eg har som mål at dette skal vere på plass innan 15. juni  og såleis før nokre går ut i ferien.  Den administrative styringsgruppa vil også følgje opp dette arbeidet.

Arbeidsmøte i Fellesnemnda
Fellesnemnda skal ha sitt siste møte før sommaren 11 og 12 juni.  Der blir det mange og tunge saker.  Difor vert det også lagt opp til at nemnda gjennomfører eit eige arbeidsmøte i forkant av sjølve vedtaksmøte.  I tillegg er det bestemt at store delar av arbeidsmøte skal gå med til eit auka fokus på kommunane sin økonomi og korleis vi skal arbeide med dette temaet utover hausten.  Arbeidsmøte bli 5 juni i Florø.  Det vert sendt ut eigne planar og innkallingar til desse møta.

Båtrute
Denne veka gjekk både Samferdsleutvalet og Fylkesutvalet inn for å støtte den nye ekstraruta Florø – Smørhamn- Måløy med 4.9 millionar kroner.  Det betyr at dersom Fylkestinget i neste veke følgjer opp, vil den nye båtruta vere finansiert fram til ny anbodsrunde gjeld frå og med sommaren 2022.  I tidlegare fredagsbrev har eg skrive om kva dette betyr for oss og kor viktig ei slik rute er for utviklinga av kysten.  Eg har også lyst å gjenta det eg sa til kommunestyre i Vågsøy denne veka.  Dette hadde ingen av kommunane fått til åleine!  Dette har vi fått til gjennom godt politisk handtverk, samarbeid med næringsliv og andre, og ikkje minst at fylkespolitikarane sjølve følgjer opp sin eigen strategiske plan for kysten. Eg 
trur fylkestinget følgjer opp og at vi får noko å feire i veka som kjem – i den feiringa skal vi også takke alle dei som har gjort dette mogeleg.  

Samarbeid med lokalavisene om innbyggarrøysting over nytt kommunevåpen
Arbeidsgruppa som skal kome med to nye framlegg til kommunevåpen er snart klar til å sende arbeidet over til Fellesnemnda sitt møte 11 juni.  Etter at Fellesnemnda har gjort vedtak i saka, vert dei tre alternative (eitt ligg der frå tidlegare vedtak; Fyrtårnet) kommunevåpena lagt ut for innbyggarrøysting.  Med atterhald om Fellesnemnda si godkjenning vil  røystinga skje i samarbeid med Firdaposten og Fjordenes Tidende. Innbyggarane kan røyste via linken i avisene sine nettutgåver. Røystinga skjer ved å sette eit kryss ved sida av alternativet. Den vil gå over to døgn. Alle kan røyste ein gong per unike eining, altså ei stemme per PC, mobil eller nettbrett. Alle personar i og utanfor Vågsøy eller Flora kan røyste. Det er ikkje mogleg å avgrense ei slik røysting på nett til berre folk som bur i dei to kommunane.  Avisene skal først formidle resultatet til prosjektrådmannen.  Etter avtalt tid (sperrefrist) har avisene rett til å publisere resultatet.
Kinnprosjektet vil i forkant marknadsføre røystinga gjennom omtale på heimesida og direkte annonsering i dei same avisene.  Dette bli bra!

God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!

Terje Heggheim
Prosjektrådmann