Vegen vidare
Eg har i dei siste fredagsbreva vore innom korleis vi skal arbeide vidare i prosjektet. Eg får spørsmål frå den enkelte og også frå arbeidstakar-organisasjonane om kva som no skal skje. Det prøver eg etter beste evne å svare på når eg får slike spørsmål, men kanskje viktigare; det er eit uttrykk for behov for informasjon. Den følgjande teksten byggjer på eit svar som eg sende dei tilsette sine organisasjonar tidlegare i veka. Grunnlaget for spørsmålet byggjer på at arbeidsgruppene no har levert rapportane sine og at det er eit faktisk informasjonsbehov i organisa-sjonen. Alle forventar ein open prosess i det som skal skje vidare.

No er fleire av dei nye toppleiarane på plass. Det vil også gjelde stabsleiarane, som blir avklara i vekene som kjem. Dei nye leiarane vil få ei prioritert oppgåve. Oppgåvene vil bli nedfelt i eit iverksettingsskriv frå meg. Skrivet vil ha eit mandat som dei nye leiarane skal svare på.

Arbeidsgruppene som no er ferdige med arbeidet sitt, spegla heile den organisatoriske breidda i organisasjonen. No er det tilsett kommunalsjefar, og etter kvart stabsleiarar, som vil ha ansvaret for dei tema som arbeidsgruppene jobba med. Det er færre kommunalsjefar og stabsleiarar enn vi hadde arbeidsgrupper. Fleire av dei tema som gruppene jobba med, høyrer no til ansvarsområdet til ein av dei nye leiarane. Då er det ikkje naturleg at arbeidsgruppene held fram arbeidet.

Prosjektorganisasjonen har brukt god tid på å kartlegge og systematisere spørsmål og problemstillingar arbeidsgruppene reiser. No meiner vi å ha oversikta – og ja, det er mange, og dei er viktige. I kartlegginga og systematiseringa har vi hatt fokus på kor spørsmåla og problemstillingane høyrer heime i den nye organisasjonen, jamfør avsnittet ovanfor om kommunalsjefar og stabsleiarar. Ein del av sorteringa handlar såleis om kor dei ulike tema skal finne si løysing, og kven som skal ha ansvaret for å følgje dei opp.

Eg nemnde iverksettingsskriv og mandat. Her vil kommunalsjefane og stabsleiarane få lista dei spørsmåla og problemstillingane som vi, etter sorteringa, meiner dei skal ha ansvaret for. Eg meiner ei god forankring i den nye organisasjonen krev at leiarane, saman med dei tilsette, kjem med sine innspel og kva dei ser av løysingar. I mandatet vil eg blant anna be om ein sjekk i høve dei sju prinsippa for organisering av tenestene i Kinn.

I tillegg til sjølve oppgåvene vil mandatet også seie noko om kven som skal vere med i arbeidet. Dei tillitsvalde skal vere med. Korleis dei tillitsvalde vil dele representasjonen, må arbeidstakar-organisasjonane finne ut av. Eg vil tru det blir litt meir oversiktleg no. Sorteringa av tema vil ta utgangspunkt i dei nye leiarane sine arbeids- og ansvarsområde og såleis spegle dei nye sektorane/tenesteområda i Kinn.

Den nye leiinga i Kinn vil ha eit møte i midten av desember. Der vil dette vere tema. Like etter vil vi kome med informasjon om korleis vi tar det vidare.  Då vil vi vite meir om korleis også dei tillitsvalde kan dele på representasjonen i arbeidet. Eg ser den blir meir sektororientert og spissa i høve til det prosjektet så langt har involvert dei tilsette sine organisasjonar.

Det vil vere tema som er felles. Spesielt merkantile tenester og administrative oppgåver. Det kan ikkje ein kommunalsjef, stabsleiar eller eit tenesteområde åleine ta stilling til. Der vil administrativ styringsgruppe (ASG) spele ei rolle.  Der vil prosjektrådmannen, nye leiarar og dei tillitsvalde vurdere sakene.

 

Neste veke
Måndag er det møte mellom prosjektorganisasjonen og leiinga i dei to kommunane. Arbeidsgruppa for politisk organisering har også møte måndag. Tysdag er eg i eit møte med foretaksleiinga med Helse Førde.  Då har eg KS-hatten på. Onsdag er det møte i prosjektstaben. Torsdag deltar eg i ei styringsgruppe innanfor digitalisering av helsetenester i Helse Vest og kommunane på Vestlandet.

God helg – og lykke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!

Last ned fredagsbrevet - og finn tidlegare fredagsbrev her