Kjekt å vere tilbake
Det er kjekt å vere tilbake både med fredagsbrevet og i jobb igjen. Eg byrja no på måndag. Vart sjukemeld då vi hadde byrja på strategisamling med leiarane på Sandane 7. januar. Eg har kjent at alt ikkje var som det skulle, men kopla likevel ikkje rett. Har gått med ein liten flekk bak høgre lår over ei tid, men utan å følgje gode råd frå heimen, vart eg gåande utan å gjere noko. Kort fortald; du køddar ikkje med flåttbet. Etter ei lita veke på sjukehus vart eg utskriven og merkar at eg vert betre for kvar dag som går. Fjordenes Tidende lurte på om sjukemeldinga var arbeidsrelatert. Eg tenkte, er ikkje alle sjukemeldingar det? Det er vel frå arbeidet vi vert sjukemeldt, men for ordens skuld; den skuldast ikkje arbeidet i Kinn prosjektet.

Administrativt rundskriv for Kinn (ARK)
Vi har tidlegare skrive om den administrative styringsgruppa (ASG) og at dei no byrjar å ta ei rekke avgjersle som handlar om organiseringa av Kinn. Etter møta vil vi kome med informasjon om kva som er bestemt. Her treng vi både ein formell og uformell informasjonskanal. Etter møta vil vi kome med eit administrativt rundskriv for Kinn (ARK). Dei vil få stigande løpenummer, det første sjølvsagt ARK-1. Det første rundskrivet vert sendt ut i dag. I prosjektstaben er det Henrik Ulriksen som vil ha ansvar for utsendingane. I det første skrivet kan du lese meir om:

  • Den administrative styringsgruppa
  • Tilsetting av leiarar
  • Merkantile oppgåver, organisering
  • Reinhald, organisering
  • Bustadkontor, organisering

Noko av denne informasjonen vil vi sikkert kunne ta med i fredagsbreva, men den formelle informasjonen vert å finne i dei administrative rundskriva. I meldinga som følgjer det første skrivet kan du lese meir om kor skriva vert lagra og korleis du finn dei på heimesidene. Neste møte i ASG er førstkomande måndag i Florø.

Digitalisering
Denne veka byrja med at Rolf Bjarne, Knut og eg deltok på ein KS-konferanse i Brussel om digitalisering. Så må eg tidleg seie at flybilletten til Brussel var rimelegare enn om vi hadde reist til Trondheim. I lag med 80 andre fekk vi informasjon om korleis andre kommunar i Noreg og Norden arbeider med neste praksis. Eg har tidlegare vore skeptisk til KS si rolle innanfor dette feltet. No har regjeringa lagt opp til ei felles finansiering av kommunesektoren sin samla innsats på området (Digifin), Det gjer til at eg ser meir positivt på dette no. Med ei god finansieringsordning og at storkommunane "drar lasset", trur eg kommunane kan kome godt ut av dette arbeidet.

Val av omsorgssystem
Onsdag og torsdag møtte eg i Bergen eit arbeidsutval som ser på organiseringa av KS i nye Vestland fylke. Arbeidet går bra og eg kan sikkert seie meir om dette seinare.

På same hotellet møtte eg tilsette i Kinn-prosjektet og dei to kommunane. Dei hadde møte med leverandørane som har levert tilbod på nytt omsorgssystem i Kinn. I tre dagar skal dei gå enda djupare inn i dei ulike alternativa. Eg opplevde tilsette som arbeidde seriøst og grundig med ei tung og viktig sak for Kinn. Dei arbeidde til seine kveldane og var tidleg på igjen neste morgon. Eg veit også at avgjerda om å lyse ut denne konkurransen medfører mykje arbeid for omsorgssektoren i dei to kommunane våre. Difor gleda det meg å sjå korleis dei involverte prøver å tenke det beste for alle innbyggarane i Kinn. Det er slik vi kjem fram til neste praksis. Takk!

I neste veke
er det møte i ASG på måndag. Saklista vert klar i løpet av dagen. Seinare måndag har vi blant anna eit møte der vi drøftar organiseringa av busettings- og integreringsarbeidet i Kinn. Tysdag skal eg halde ei innleiing om statleg styring av kommune-sektoren. Det er regionalavdelinga i kommunaldepartementet som er på studietur til Sogndal. Onsdag er eg i eit fellesmøte med rådmannsutvalet og fylkesstyret i KS. Torsdag er eg i Måløy og møter blant andre Tor Hallvar i sak om Nordfjordnett. Fredag er eg i møte med andre rådmenn i ei referansegruppe for leiinga i Kommunal landspensjonskasse (KLP). Neste veke går også med til å førebu saker til Fellesnmenda som har møte påfølgande veke.

God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Kinn kommune!