Arbeidsgruppa for arbeidsgjevarpolitikk
hadde møte i Måløy måndag. Leiaren, Nils Myklebust, kan no melde at dei nærmar seg eit sluttdokument som dei kan sende til Fellesnemnda i mars, via det partsamansette utvalet. I siste møte drøfta dei innspela som kom frå felles kommunestyre i Kalvåg i tillegg til andre innspel som har kome inn seinare. Eitt av desse var blant anna om folkevalde skal sitte i Arbeidsmiljøutvalet. Etter ei drøfting valde dei å sende eit eige notat med eiga tilråding til arbeidsgruppa som jobbar med politisk organisering. Den tilrådinga går på at dei folkevalde ikkje skal vere representert i arbeidsmiljøutvalet. Arbeidsgruppa såg vidare på korleis dei kan ha eit enda sterkare fokus på rekruttering og spesielt korleis Kinn kan bli opplevd som ein attraktiv arbeidsgjevar for dei unge.
Arbeidsgruppa for politisk organisering
hadde møte tysdag i Måløy. Jan Henrik Nygård er nyvald leiar i gruppa. Dei gjekk gjennom eit dokument som skisserer korleis det politiske arbeidet skal skje i Kinn. Dei ser på korleis dei kan følgje føringane frå intensjonsavtalen om blant anna innbyggardialog i politiske prosessar. Vidare gjekk dei gjennom eit utkast til møtereglement for Kinn kommune. Om korleis møteverksemda i Kinn skal gjennomførast og reglar rundt dette. Dei fekk også utlevert eit utkast til godtgjerslereglement for Kinn. Om vilkåra dei folkevalde skal ha i Kinn. Over nyttår vil dei ta fatt i arbeidet med eit delegeringsreglement for den nye kommunen. Om korleis fullmaktene vert fordelt i Kinn. I tillegg ligg det i mandatet at dei også skal kome med tilrådingar om korleis valet i 2019 skal gjennomførast. Så også denne gruppa har nok å stelle med.
Arbeidsgruppe for hamn og næring
Hadde møte i Florø tysdag denne veka. Noko av det dei prioriterer no er å sjå på ein eigarskaps-strategi for dei selskapa der kommunane har eigarskap i dag. Deloitte hjelper arbeidsgruppa med å gå gjennom alle selskapa og vil kome med råd om vi skal vidareføre eigarskapen eller avvikle den. Fellesnemnda skal sjølvsagt ta den endelege avgjerda.
Kinn på veg inn i NOMIL?
Arbeidsgruppa for interkommunalt samarbeid hadde møte i Florø onsdag. Eg ser i referatet at dei vil tilrå overfor Fellesnemnda at Kinn går i tingingar med NOMIL om framtidig renovasjonsordning i heile Kinn kommune. Det er for tidleg å seie kva det endelege resultatet blir, men utgreiinga så langt viser at ei slik ordning vil vere eit godt alternativ for Kinn. For ordens skuld; NOMIL er ei interkommunal renovasjonsordning for kommunane i Nordfjord.
A til Å på stemningstokt i Måløy
Som del av arbeidet med kultur, identitet og kommunevåpen var Malvin Horne og Kristin Leirvåg frå A til Å på ei runde i Måløy sentrum for å lodde stemninga og høyre om nokon hadde begynt arbeidet med innspel til kommunevåpen. Leiar i Fellesnemnda var med på delar av byturen. Dei melder tilbake at dei trefte mange hyggelege personar som var positive til det vi no held på med. Dei gjorde også nokre videoopptak som vi kanskje vil nytte seinare. Det er kjekt når prosjektet vårt får slike gladmeldingar og det motiverer oss sjølvsagt for det vidare arbeidet
ASVO Måløy
Rolf Bjarne Sund og eg avslutta veka med å besøke ASVO i Måløy. Det vart eit interessant møte. Styreleiar Ingolf Berg, dagleg leiar Betty Hessevik, og rådgjevar Jon Ivar Sunde orienterte og viste oss rundt i verksemda. Slike verksemder treng både statlege og kommunale kroner til drifta. Dei statlege midlane vert ofte tildelt med utgangspunkt i NAV og fylket. Når fylket no er midt oppe i ei samanslåing er det viktig at vi har snakka om korleis vi skal sikre ASVO-verksemda i nye Kinn. Dei leverer gode tenestetilbod og tilbyr arbeidsplassar til mange som elles ville ha slitt med å kome inn på arbeidsmarknaden. Det var spesielt interessant å sjå og høyre om det samarbeidet dei har fått til med verksemder som leverer materiell og utstyr til fiskerinæringa. For Kinn kommune vil det vere viktig å ha slike tilbod i vår eigen nærleik. Difor vart vi samde om å ha god kontakt i tida som kjem.
God helg – og lykke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!