Kjære alle saman!

Det er siste arbeidsdag før jul. Vi skal ha fråvær frå arbeid og tenke på noko heilt anna i dagane som kjem. Det har vore ein travel haust og Kinn er i rute. Det er flott. Vi følgjer prosjektplanen så å seie på timen. Eg har fleire gonger sagt at vi er komen like langt som dei som starta halvanna år før oss.

No er stillinga som kommunalsjef for innovasjon og utvikling lyst ut for andre gang. Når vi har tilsett i den er toppleiinga i Kinn på plass. Eg er veldig glad for dei leiarane som no er avklara og meiner vi skal utfylle kvarandre på ein god måte til beste for den nye organisasjonen. Leirane vil no starte tilsetting i dei funksjonane som dei er ansvarlege for. Korleis dette skal skje vil vi drøfte i ei strategisamling 7. og 8. januar. Der vil vi også ta for oss ei rekke andre spørsmål som handlar om kva som vil skje i tida som kjem. I januar startar vi også arbeidet i den administrative styringsgruppa (ASG). I den sit prosjektrådmannen, nye kommunalsjefar og to hovudtillitsvalde. Dei skal utover våren ta stilling til mange spørsmål som er viktig for korleis vi skal organisere tenestene i Kinn. Då må vi ha fokus på funksjonar og ikkje personar. Alle har den same tryggleiken for stillinga og ingen skal seiast opp som følgje av samanslåinga, men det betyr ikkje at alle skal gjere det same som før. Det er viktig at alle forstår og er budd på at det heilt sikkert blir endringar i måten vi arbeider på, kven vi samarbeider med og kven vi rapporterer til. Alle tilsette må ha ei innstilling som opnar for neste praksis. Kinn som arbeidsgjevar tilbyr tryggleik for stillinga som motyting for endring.

Vi veit også at Fellesnemnda etter kvart vil ta mange prinsipielle drøftingar og avgjersler neste år. I prosjektstaben si oversikt har vi over 60 slike saker. Det gjeld alt frå politisk organisering til forskrifter om gebyr for ulike tenester. Etter kvart som dei politiske arbeidsgruppene leverer sine rapportar vil sakene bli førebudd for nemnda. Eg har eit sterkt ønskje for det nye året; at nemnda tar desse avgjerslene når dei vert lagt fram. Tidsplanen i 2019 er ekstremt stram. Ordet ekstremt er inga overdriving. Det vil vere lite rom for å utsette saker og prosjektstaben er ikkje dimensjonert for særleg meir arbeid enn det som no er planlagt. Det er likevel ikkje av omsyn til dei tilsette i staben dette er viktig. Det er viktig for framdrifta. At vi om knappe 365 dagar er i stand til å ha Kinn i ordinær drift. Eg trur det går bra, men det vil krevje oss, administrativt så vel som politisk.

Alle dei avgjerdene vi skal ta i 2019 er også viktige for innbyggarane i Kinn. Då må vi også nå ut med informasjon til alle. Eg ser at fredagsbrevet og heimesida ikkje er nok for dette føremålet. Vi skal rett nok lage ein kommunikasjonsstrategi for Kinn, men eg meiner vi må ha eigen plan for informasjonen i 2019. Eg har sett ein del andre kommunar som slår seg saman som kjem ut med eigen brosjyrar eller magasin. På eit møte i førre veke gav Reinhardt Sørgård meg eit døme på eit slikt magasin frå Luster. Det var eit godt hefte med mykje nyttig informasjon. Det vidare informasjonsarbeidet vil eg drøfte med Fellesnemnda i første møte.

Eg vil takke alle tilsette i begge kommunane og i prosjektstaben for arbeidet de har levert i 2018. De har gjort ein fantastisk innsats for Kinn. Arbeidsgruppene sine rapportar er gode. No handlar det om at dei vert følgde opp. Eg vil takke for eit godt samarbeid med to rådmenn med leiargruppene som til stadig merkar at deira eigne organisasjonar må prioritere meir og meir Kinn-arbeid. Dette er ei utfordring – og eg har stor respekt for den måten desse utfordringane vert løyst på. Eg skal ikkje lyge; det vert meir av dette i året som kjem.

Takk til Fellesnemnda og alle folkevalde i Flora og Vågsøy. Fellesnemnda har handsama 80 saker i år samstundes som det har blitt lagt ned ein betydeleg innsats i dei politiske arbeidsgruppene. Eit arbeid de som folkevalde og medlemer av nemnda som eit kollegialt organ skal ta stilling til i løpet av neste arbeidsår.

Eg ser fram til eit godt samarbeid med alle i 2019.

Eg ønskjer alle tilsette, folkevalde og ikkje minst innbyggarane i Nye Kinn kommune ei god jul og eit godt nytt år!