Assisterande rådmann og kommunalsjef
Då er det kjekt å melde at to nye toppleiarar er på plass:
- Knut Broberg vert assisterande rådmann.
- Rolf Bjarne Sund vert kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø.
Også denne gangen hadde vi fleire godt kvalifiserte kandidatar til stillingane. Det var likevel eit samrøystes tilsettingsorgan som ønskjer at desse to skal få tilboda. Eg ser fram til eit godt samarbeid med alle i Nye Kinn kommune.
No vert det fleire involverte
No er kommunalsjefane for dei nye tenesteområda på plass. Som eg har vore inne på tidlegare vil dei få ei prioritert oppgåve om å bestemme organiseringa av eige ansvarsområde. I det arbeidet vil fleire i dagens driftsorganisasjonar ta del. Eg har fått fleire spørsmål som handlar om nettopp dette. Mange opplever at det er litt stille no. Eg føler meg heilt trygg på at når dei nye kommunalsjefane grip fatt i dei oppgåvene, så vil også du merke dette i form av medverknad.
Flora i førarsetet for ny innkjøpsordning
Tysdag var det møte i KS sitt fylkesstyre. Kristin Maurstad og eg møtte der. No når Vestland blir eit nytt fylke vil ikkje fylkeskommunen ha den koordinerande rolla for innkjøp. Kommunane og fylket har samarbeidd om dette fram til no. Kommunane vil likevel at vi skal samarbeide vidare om innkjøp. Når vi går saman om innkjøp får vi betre avtalar. Styret var oppteken av ei ordning der vi kan gjere gode innkjøp, men også ha høve til å handle lokalt. I vedtaket bad dei Flora kommune sette ned ei arbeidsgruppe som skal kome med framlegg til ny ordning. KS sitt rådmannsutval skal vere styringsgruppe. Det betyr ikkje at Flora, seinare Kinn, skal overta fylkeskommunen sine oppgåver, men at vi skal kome framlegg som alle kommunane i fylket vil vurdere om dei vil slutte seg til.
Ny innkjøpsrådgjevar i Flora med kontorstad også i Måløy
Flora har tilsett Tore Dammerud som rådgjevar i innkjøpsavdelinga. Det betyr at avdelinga no har tre tilsette. Dammerud bur i dag i Ulsteinvik og kjem frå stilling som dagleg leiar av eit rådgjevingsfirma for offentlege innkjøp. Han vil ha delt arbeidstid mellom Måløy og Florø, med Måløy som base. Vi kjem tilbake med dato for tiltreding, men synes det er kjekt å vise at når vi no tilset i stillingar, anten heimelen ligg her eller der, tar vi heile Nye Kinn kommune i bruk.
Hyggelege treff på Nordfjordekspressen
Onsdag hadde eg fleire møter i Måløy. På ettermiddagen tok eg Nordfjordekspressen til Bergen. Om bord møtte eg Eldrerådet i Flora som hadde vore på Kulatoppen. Der hadde dei fått omvising og orientering om bygg og drift. Dei var veldig positive til det dei hadde sett og høyrt. Eg kom til å tenke på Florakoret Sangglede som også vitja Vågsøy tidlegare i år og tenkte; kor flott at vi knyt band på denne måten. Ikkje nok med det; då eg skulle løyse billett møtte eg Anne Grethe Strand. Ho reiste saman med fem andre frå Vågsøy som skulle til Florø for å delta i ei ressursgruppe med tema om å skape draumar og mål for den nye kommunen. Arbeidet deira har blitt til stoff både på Kinn sine heimesider og andre media. Det gleder meg stort når bodskapen frå slike samlingar handlar om at "det heiter ikkje lenger eg – no heiter det vi" .
Neste veke
Måndag morgon har prosjektstaben møte med leiinga i dei to kommunane. Etter lunsj er det møte i Måløy i den politiske arbeidsgruppa om arbeids-gjevarpolitikk. Tysdag er det møte i Måløy i gruppa som ser på politisk organisering og val 2019. Onsdag føremiddag skal det handle om interkommunalt samarbeid, og etter lunsj har vi møte med fylkesdirektøren i NAV. Det møte er i Måløy. Og så endeleg; torsdag og fredag skal vi intervjue kandidatar til dei ulike leiarstillingane i stab og støttefunksjonane. Eg sender ut ein plan for det på søndag ettermiddag. Med andre ord; ei veke å sjå fram til!
God helg – og lykke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!
Last ned vekas fredagsbrev, og finn tidlegare fredagsbrev her!