Samling med dei nye leiarane
Veka starta måndag med at dei leiarane som no er tilsett hadde ei samling i Florø. Vi gjekk gjennom kva den enkelte leiar skal ha fokus på i tida som kjem, om behovet for å informere i tenesteområda. Ei av desse oppgåvene vil vere tilsetting i ulike leiarfunksjonar under kommunalsjefnivå. Noko kommunalsjefane no vil starte arbeidet med.
Møte med Nordfjordnett
Måndag hadde vi møte med Nordfjordnett. Rådmennene i Nordfjord har sagt at vi har behov for å effektivisere avtaleregimet som regulerer samarbeidet. For oss, som ny kommune, og som ikkje kjenner heile historia bak dette samarbeidet, er dette ei nyttig øving. Kinn skal inn i samarbeidet frå og med 2020, men vi er samde om at vi alt no må tre inn i dei nettverka som er i samarbeidet. Difor vil blant anna eg som rådmann frå no av møte fast i rådmannsgruppa som har møter ein gang i månaden. Vi veit også at Kinn sine kommunalsjefar skal vere med i kommunalsjef-nettverket. Dei har også ei viktig rolle i strategiarbeidet for framtidige IT-løysingar. Vi må snakke meir om kor tid og korleis Kinn trer inn i ordninga. Dette vil også vere sentralt for dei tilsette, både i Nordfjordnett og i dei to kommunane. Difor er også ein hovudtillitsvald tatt med i desse drøftingane frå no av.
Fellesnemnda
Hadde møte tysdag. Dei reviderte budsjettet for prosjektet og bad om ei kvartalsvis rapportering. Det er positivt og vil gi alle ein betre kontroll over økonomien i arbeidet vårt. Nemnda vedtok samrøystes å innleie forhandlingar med sikte på at Kinn sluttar seg til Nordfjord miljøverk (NOMIL). I sak om tilsettingar ber nemnda om ei orientering i forhold til at det er tilsett fleire leiarar frå Flora enn Vågsøy. Det vedtaket forstår eg fullt ut. Eg har fått fleire telefonar og reaksjonar på det same. Eg kan sjølvsagt ikkje i eit ope møte kome inn på dei ulike vurderingane knytt til kandidatane. Difor set eg pris på at vi i eit lukka møte kan gå gjennom dette saman. Det skal vi gjere den 8 februar.
Etikkprisen til Flora kommune
I slutten av førre veke vart det kjent at Flora kommune fekk KS sin Etikkpris. I grunngjevinga seier fagjuryen at Flora får prisen fordi kommunen har arbeidd med etikk på ein systematisk og målretta måte. Dei seier at etikkarbeidet er godt forankra på alle nivå i heile organisasjonen og i helse- og omsorgssektoren spesielt. Dei viser spesielt til tiltaket med Verdikafé og at tenestene tar brukarane med inn i den etiske refleksjonen. Flora var også kandidat til prisen i fjor då den gjekk til Oslo kommune. I år vart det full utteljing og vi gratulerer sjølvsagt kommunen generelt og eldsjelene spesielt. Så veit vi at etikk er sentralt i det arbeidsgjevarpolitiske dokumentet til Kinn. Då er det godt å vite at vi har kompetanse å spele på i det arbeidet.
Frukostmøte i Måløy Vekst
Torsdags morgon deltok eg saman med dei to ordførarane og prosjektkoordinatoren på eit frukostmøte i regi av Måløy Vekst. Kristin og eg gav ein status i Kinn-arbeidet. I tillegg var det interessante innlegg frå Framtidsfylket, NOREC, tidlegare Fredskorpset, Aksello og til slutt ei oppdatering på dei nye skattereglane for naturalytingar. NOREC sitt innlegg handla om utveksling av arbeidstakarar. Dei har fått nytt mandat som seier at dei skal ha større fokus på utveksling av arbeidstakarar frå næringslivet. Dei offentlege organisasjonane er gjerne tyngre representert i ordninga i dag. Uansett, her ligg mogelegheiter både for næringslivet i den nye kommunen og kommuneorganisasjonen i seg sjølv.
Seinare torsdag gav prosjektkoordinatoren og eg ein status i Kinn- prosjektet til kommunestyre i Vågsøy.
Hamnesamling
I dag tidleg var det møte med ordførarane i Nordfjord og Flora om den framtidige organiseringa av hamnene. Dei vart samde om å starte arbeidet med eit kunnskapsgrunnlag for ein ny regional hamnestrategi. Så lenge dette arbeidet held på er ordførarane samde om å halde fram dagens organisering av hamnene. Kunnskapsgrunnlaget skal vere ferdig innan 15 mai 2019.
God helg – og lykke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!
Terje Heggheim
Prosjektrådman