Fellesnemnda
hadde møte tysdag i Florø. Dei vedtok blant anna omstillingsavtalen som no er sjå på som spikra. Dei fekk ei orientering om revidering av prosjektøkonomien og vil følgje den saka opp i neste møte. Kan hende det mest interessante under dette møte var orienteringa vi fekk frå Bård Sandal som kom frå framtidige Vestland fylkeskommune og sette fokus på strategiske grep i det nye fylket. Dette er viktig for Kinn sett i lys av dei overordna planane om blant anna utvikling av regionsentre i vårt område.

Aksello og Måløy Vekst
Etter møte i Fellesnemnda deltok leiaren, underteikna og prosjektkoordinatoren i eit møte med Aksello og Måløy Vekst. Kinn vil som ein kommune ha to næringsselskap. Det ligg ingen føringar på at dette skal vere eitt. Med å bruke kompetansen i dei to selskapa på rett måte, kan vi styrke det samla næringsarbeidet i Kinn. Då er det ein føresetnad at selskapa gjennom avtalar med kommunen får ei ansvars- og arbeidsdeling som både på ein god måte bruker den kompetansen dei har i dag, samstundes som dei leverer på det som vil vere Kinn kommune sitt behov. I tillegg vil eigarane av selskapa tilføre oppgåver som kan kome i tillegg til den kommunale bestillinga. Dei to næringsselskapa er innstilt på å arbeide vidare med eit slikt utgangspunkt. Eg opplever ein god dialog og positiv innstilling til å samarbeide om dette.

Samling med andre fellesnemnder
Fleire medlemer av Fellesnemnda, tillitsvalde og prosjektmedarbeidarar deltok onsdag på ei samling med andre fellesnemnder i Hordaland og Sogn og Fjordane. Tema var blant anna kva er viktig å passe på når vi bygger nye kommunar og korleis sikre eit godt lokaldemokrati. Det tredje temaet handla om korleis skal vi bygge ein politisk kultur i den nye kommunen. Det var nyttig å høyre korleis andre arbeider med dei ulike problemstillingane. Leiaren i fellesnemnda vår deltok i ein paneldebatt saman med leiaren for fellesnemnda i Nye Øygarden kommune om temaet politisk kultur. Atter ein gang har eg lyst til å understreke at Kinn-prosjektet kan gå rakrygga i høve framdrifta i vår samanslåing. Sjølv om vi starta vårt prosjekt halvanna år etter dei andre, er vi på dei fleste områda komen like langt som dei fleste. Det skal alle vere kry av.

Takk til dei administrative arbeidsgruppene
Med to unntak (fått utsatt frist) har alle dei administrative arbeidsgruppene levert rapportane sine. Takk for eit godt gjennomført arbeid. Dei fleste gruppene har innspel til korleis vi skal organisere tenestene i Kinn. Fleire av gruppene har også konkrete problemstillingar dei ber prosjektrådmannen ta stilling til. Det skal eg gjere og det passar difor godt at vi no er i ferd med å få på plass alle dei leiarane som skal ha ansvaret for dei ulike områda. Dei vil få ansvaret for å ta desse vurderingane vidare og saman med meg ta endeleg stilling til dei meldte spørsmåla. Slik vil arbeidsgruppene no bli permitert og ansvaret for oppfølging vil ligge hos prosjektrådmannen og dei nye kommunalsjefane og stabsleiarane som etter kvart kjem på plass. Takk for innsatsen!

Miljøpris
Det er jo kjempeflott at Flora kommune på Zerokonferansen vart tildelt prisen for årets lokale klimatiltak. Gratulerer! Planane om ein 30 m. lang hydrogendreven passasjerbåt er godt mottatt som eit klimatiltak. Det vart spesielt framheva korleis eit slikt prosjekt er eit godt døme på samarbeid mellom kommunesektoren, lokalt næringsliv og andre aktørar. Slik sett føler eg grunngjevinga kunne vore henta ut av ordlyden i intensjonsavtalen for Kinn. Godt jobba og gratulerer til alle som har tatt del i arbeidet.

Intervju av stabsleiarar
No er det bestemt at det vert intervju av kandidatar til stabsleiarstillingane 22. og 23. november. Den første dagen i Måløy, den andre i Florø. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette seinare, men dei aktuelle bør vel reservere datoane alt no.

Neste veke
Måndag skal vi gjennomgå ein rapport om renovasjon. Tysdag er eg i fylkesstyre i KS. Onsdag har vi møte med Nordfjordnett. Torsdag deltar eg i Fylkesberedskapsrådet og fredag ser eg som dei fleste fram mot helg.

God helg – og lykke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!