KS sin strategikonferanse
Dei to første dagane i veka gjekk med til KS sin strategikonferanse i Loen. Ordførarane; Nils Myklebust som varaordførar èin dag og underteikna deltok. Vi var mange som var samde om at dette var ein god konferanse med aktuelle tema. Også ein litt spesiell strategikonferanse; den siste i Sogn og Fjordane. Neste gang møter vi 42 andre kommunar i eit nytt Vestland fylke. Konferansen hadde fleire tema, men grovt sett kan vi seie at fellesnemnaren handla om dei utfordringane vi står overfor i tida som kjem. Utfordringar for kommunar og fylker. Alle slit med rekruttering. Det er for få som søker seg til utdanning som seinare kan kvalifisere til arbeid innanfor den kommunale velferdsproduksjonen. Vi har dei problema. Naboen òg. Større kommunar med gode fagmiljø – kan vere ein del av svaret, men kva meir? Eg tenker litt på Nye Kinn sitt arbeidsgjevarpolitiske dokument og korleis vi ønskjer å sjå ein heilskap i framtidig rekruttering. Kommunar som får til eit godt samarbeid med næringsliv og andre aktørar som kan tilby arbeidsplassar, trur eg – vil ha større sjanse til å lukkast med å få tak i framtidas arbeidskraft. Sunnfjord Utvikling og Rolf Sanne Gundersen var inne på det. Telemarksforsking slo fast at det er kun gjennom målretta arbeid over tid vi kan bli opplevd som attraktive lokalsamfunn. Det krev samarbeid og tillit blant alle som skal jobbe med saka. Vi må stå samla og dei som ser på oss må oppleve at vi gjer nettopp det. Sjølvsagt kan det vere ei spesiell utfordring for Kinn-prosjektet med sin oppdelte geografi og deling av kommunesenter, men handlar vi etter dei overordna styrings-dokumenta våre, trur eg vi skal klare å arbeide godt med desse spørsmåla.
Kinn - og spareprogrammet i kommunane
Vi veit at Kinn har godkjend ein eigen omstillingsavtale der dei tilsette er sikra ei stilling i den nye kommunen. Kort fortald handlar det om at ingen tilsette skal seiast opp som følgje av kommunesamanslåinga. Det står ved lag. Vi veit også at både Flora og Vågsøy har vedtatt relativt stramme driftsbudsjett siste året før samanslåinga. Flora har kan hende det tøffaste budsjettet i så måte og dei må kanskje redusere talet på årsverk før dei går inn i Kinn. Kva betyr dette i høve "sikringa" i omstillingsavtalen? Rådmannen i Flora skal sjølvsagt effektuere bystyret sitt vedtak. Det betyr at det kan kome reduksjonar i tal stillingar der. Rådmannen i Vågsøy har meldt at dei vil klare innsparingane utan å gå til oppseiingar. Det er difor viktig å få fram at vi må sjå desse tiltaka som uavhengige av samanslåinga og omstillingsavtalen. Eg kjenner meg trygg på at tiltaka i driftsorganisasjonane vil skje på ein forsvarleg og ryddig måte der dei tilsette vert tatt med, men det er også viktig at vi ikkje koplar dei direkte mot samanslåinga. Dei tillitsvalde er aktive og deltar i begge prosessane.
Erfaringsseminar for nye kommunar
Onsdag og torsdag var det erfaringsseminar for nye kommunar. Der deltok Edvard Iversen. I ei melding til meg skriv han om ei god samling med fleire ulike tema. Samhandling og dialog mellom folkevalde og fellesnemnda, ei berekraftig politikkutforming, behovet for god planlegging og kulturbygging i den nye kommunen, var nokre av fokusområda. Han kjem også inn på at mange kommunar slit med å få involvert innbyggarane i prosessen. Mange samanslåingskommunar har også mykje å hente på informasjon til dei tilsette. Han avsluttar meldinga med ein tilsynelatande liten detalj (min påstand); hugs at vi må registrere om alle køyretøya i dei to kommunane. Det er rett, og vi skal både førebu, gjennomføre og betale for det. Ikkje noko er ein detalj. Takk for rapporten og vi erkjenner - alt er viktig, alt tar tid!
Neste veke
byrjar med administrativ styringsgruppe som har møte i Måløy på måndag. Tysdag har eg møte med Nordfjordnett. Onsdag går med til eit møte i Bergen om regionalt hamnesamarbeid. Torsdagen møter ein delegasjon frå Kinn fellesnemnda for Nye Vestland fylke i Flåm. Veka blir avslutta der Kinn også er med på eit seminar om korleis vi skal tenke regionar når dei nye kommunane Sunnfjord, Stad, Kinn og Sogndal vert ein realitet. I så måte utfordrar vi dei gamle fogderia.
God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!