Larsen og Olsen nye stabsleiarar
Då er det kjekt å melde at eg har tilsett to nye stabsleiarar i Kinn kommune. Linda Myhre Larsen blir stabsleiar for service, informasjon og bustad. Trond Ramstad Olsen blir leiar for personal- og organisasjonsavdelinga. Begge har tilsvarande stillingar i dag. Linda har arbeidd i Vågsøy kommune sidan 2008. Frå 2010 har ho vore tenesteleiar for serviceavdelinga i kommunen. Ho stod sentralt i ei omfattande organisasjons-utvikling innan dei administrative og merkantile områda i 2012-2013. Den gangen tok Vågsøy grep som gjer til at dei i dag blir opplevd som ein organisasjon med gode og effektive administrative fellestenester. Trond har hatt Flora kommune som arbeidsstad sidan 1992. Frå januar 2009 har han vore personalsjef i kommunen. Han hadde også ei sentral rolle i kommunen si store omstilling tidleg på 2000-talet. Vi får to leiarar som då har erfaring både med leiing, prosjektarbeid og omstilling. Tre nemnarar som vil stå sentralt i Kinn-arbeidet i tida som kjem. Eg gratulerer med tilsettingane og ser fram til eit godt samarbeid med alle i Kinn kommune.
Politisk kafé
Måndagskvelden var eg invitert til eit ope møte i Florø. Eg var beden om å reflektere høgt saman med fylkesordføraren i Hordaland om det nye fylket og Kinn i den settinga. Eg såg i eit lesarinnlegg i Fjordenes Tidende at Tove Lill Refvik Volle også omtala det same møtet. Poenget med å ta dette med i fredagsbrevet er at vi i prosjekt-organisasjonen gjerne stiller opp der vi kan informere om Kinn. Vi veit det er eit stort informasjonsbehov både i eigen organisasjon og blant innbyggarane generelt. Når det gjeld sjølve møte i Florø registrerer eg ein fylkesordførar som oppmuntrar Kinn til å arbeide vidare med ei satsing på kysten. Eit slikt fokus samsvarer godt med dei nyleg vedtekne overordna planane til fylkeskommunen. I så måte er vi nøydde til å ha eit enda sterkare fokus på å få på plass ei ekstra båtrute mellom byane.
Ny video på heimesidene
Om du går inn på heimesida til Kinn vil du no finne ein film som A til Å har laga i samband nytt kommunevåpen. Vi kan sjå og høyre personar i begge kommunane tenke høgt om kva dei meiner er viktig når vi skal lage eit nytt våpen. Eg var òg i eit møte med A til Å tidlegare i veka og gleda meg då over at det no har begynt å kome inn konkrete framlegg til nytt våpenskjold. Nokre er konkrete med ferdige teikna motiv og fargar. Andre er tekstlege innspel om kva dei meiner kan vere motiv i våpenet. Eg håper det kjem fleire i tida som kjem.
Kinn - tema i Stortinget sin spørjetime
Tidlegare i veka fekk vi eit brev frå kommunalministeren om eit spørsmål som hadde vore stilt i stortinget sin spørjetime. Det var Liv Signe Navarsete som på vegner av Senterpartiet stilte spørsmål om kvifor departementet gjev kommunane løyve til å nytte delar av reformstøtta før dei eigentleg er utbetalt? I grunngjevinga til spørsmålet viser partiet til nettopp Kinn. Det gleder meg at ministeren svarer i samsvar med mi tilråding til Fellesnemnda; at vi kan forskottere bruk av midlane i 2019, sjølv om vi får dei fysisk i 2020. Det er andre gang departementet stadfestar dette. I tillegg har revisor sagt at så lenge det er likelydande vedtak i begge kommunestyra kan Fellesnemnda gjere vedtak i samsvar med rådmannen si innstilling. Om FN gjer det – er sjølvsagt opp til dei som kollegialt organ å ta stilling til.
Litt på etterskot
Rolf Bjarne har vore delvis ute av sjukdom dei siste fjorten dagane. Så på enkelte område er vi litt på etterskot. Rolf Bjarne melder no før helga at han vil vere tilbake i aukande grad i neste veke. Det gleder vi oss over. Så då skal vi vere ajour ut i veka.
Neste veke
Måndag har eg møte med dei nye leiarane i prosjektorganisasjonen. Seinare på dagen er det møte med Nordfjordnett. Tysdag har Fellesnemnda møte i Måløy. Sakene kan du sjå på heimesida til Kinn. Onsdag er det møte i prosjektstaben i Florø. Torsdag er det kommunestyre i Vågsøy. Då har også gruppa som ser på interkommunalt samarbeid møte. Fredag er det samling med alle ordførarane om framtidig organisering av hamnene.
God helg – og lykke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!
Terje Heggheim
Prosjektrådmann