Nordfjordnett
Tidleg i veka hadde vi møte med Nordfjordnett. Begge organisasjonane ønskjer å finne ut av korleis vi skal løyse IT i tida som kjem. Det ligg i dagen at vi skal bli ein del av Nordfjordnett, men vi treng å finne ut av korleis og i kva omfang. Vi vart samde om å starte arbeidet med ein avtale mellom oss. Difor vil vi med bakgrunn i selskapet sine vedtekter og eit notat vi vart samde om tidlegare i år, prøve å få på plass ein slik avtale. Vågsøy-delen av Kinn er ein del av nettverket og selskapet i dag. Korleis skal Kinn bli det? Vi må forhandle, bli samde og skrive under. Kinn blir den desidert største kommunen i Nordfjordnett. Det må vi bruke til å forhandle fram ei god løysing for Kinn, samstundes som Nordfjordnett opplever at dei får nye oppgåver som blir finansiert. Vi er samde om at dette må ha fokus i det vidare arbeidet, og vart samde om ei møterekke fram til jul.
Kultur, identitet og nytt kommunevåpen
Arbeidsgruppa hadde avsparksamling med Geelmuyden Kiese og A til Å tysdag og onsdag. Det kan vere utfordrande å finne dei elementa som dei fleste skal kunne identifisere seg med i Nye Kinn. Samstundes skal vi ha ein prosess der vi viser at mange har tatt del og såleis skape forankring i lokalsamfunna våre. Etter desse to dagane meiner vi å ha funne eit godt spor. Tysdagen gjekk med til at konsulentane gjorde seg litt betre kjend i både Flora og Vågsøy. Vi kan vel ikkje legge skjul på at Nye Kinn viste seg frå ei side som gjorde til at kamera til dei tilreisande vart flittig brukt. Onsdag gjennomførte vi ein arbeidsverkstad i Florø. Det første produktet av samlinga vil vere ei utlysing om at alle kan kome med innspel til nytt kommunevåpen. Ei slik annonse vil truleg kome i slutten av neste veke. Vi reknar med mange og gode innspel.
Nye tilsettingar og samling av ny leiargruppe
Torsdag gjennomførte vi intervju av kandidatar til kommunalsjefstillingar og assisterande rådmann. Vi har gode kandidatar. Eg ønskjer meg likevel eit breiare søkargrunnlag til stillinga som kommunalsjef for innovasjon og utvikling. Difor vil den bli lyst ut på nytt. VI vil gjere tilsettingsvedtak om kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø og assisterande rådmann innan to veker. Deretter vil vi gjennomføre intervju med kandidatar for stabsstillingane seinare i november. Datoar vil bli fastsatt i neste veke.
Etter at tilsettingane er gjort vil eg samle dei nye leiarane og gå gjennom ein plan for det vidare arbeidet. Dei nye kommunalsjefane må så snart som råd gripe fatt i organiseringa av det nye ansvarsområdet sitt. Det gjeld struktur i tenesteområdet så vel som å få på plass tenesteleiarane. Dette skal ha høg prioritet. Kan hende fleire i desse dagar opplever eit lite tomrom i prosjektet, men dette vil rette seg når dei nye leiarane kjem betre inn i Kinn-sporet. Eg gleder meg!
Nye båtruter
Eg får mange spørsmål om kva som skjer i med nye båtruter mellom byane våre. Det verkar som mange er opptekne av nettopp det. Det blir no arbeidd tett opp mot fylkespolitikarane for å få på plass den fylkeskommunale finansieringa av eit slikt samband. Samferdsle er fylkeskommunen sitt ansvar: Det er dei som får midlar til det over statsbudsjettet. I og med at dette er ei ny rute må likevel Nye Kinn og dagens kommunar vere med å finansiere ruta. Rådmennene legg opp til dette i sine budsjettutkast. Målet er ei operativ rute så tidleg som mogeleg i 2019.
Neste veke
Måndag skal det vere møte i Partsamansett utval. Dei skal ta stilling til omstillingsavtalen som vert handsama i Fellesnemnda (FN) dagen etter. Sakene til FN finn du her på heimesida vår, men dei skal blant anna ta stilling til ei revidering av budsjettet for Kinn-prosjektet. Eg ser at denne saka har utløyst enkelte sterke reaksjonar. Etter mi meining er dei til dels grunnlause, men det vil eg svare på i møtet. Onsdag deltar nokre medlemer av FN i eit møte med andre fellesnemnder i Bergen. Torsdag har prosjektstaben møte der vi blant anna ser på korleis vi skal arbeide vidare med rapportane vi no har fått frå arbeidsgruppene. Her er mykje godt arbeid som eg vil kome attende til i neste brev. Fredag er eg i ei tilstelling der vi skal takke av fylkesmann Anne Karin Hamre.
God helg – og lykke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!