Plan for personalområdet

Dette temaet får vi aldri informert godt nok om. I siste møte i administrativ styringsgruppe gjekk vi gjennom nokre tilbakemeldingar som stadfestar behovet for ytterlegare informasjon. Sjølv om vi har vist til milepælar i den overordna prosjektplanen, ser vi at vi treng oppdaterte planar på dette området. Det er difor bestemt at vi til neste møte i administrativ styringsgruppe skal handsame ein eigen plan med tider for ulike aktivitetar innan personalområdet.

Vi forstår fullt ut at det er forventingar knytt til avklaringar på alle nivå i organisasjonen. Ein overordna prosjektplan vil i seg sjølv ikkje svare på desse behova. Når denne delplanen er handsama vil vi sørge for at den blir godt kjend i organisasjonen. Nokre stiller spørsmål ved rekkefølga i det vidare arbeidet. Blir det ikkje vanskeleg å gjennomføre samtalar og intervju når organisasjonen under kommunalsjefane ikkje er endeleg bestemt? Det er eit poeng. Samtidig har mange av dei aktuelle vore med i samtalar om organiseringa.

Det går også å gjennomføre samtalane/intervjua i to fasar. Der den første er å sjå som ei sondering og den andre kan gjennomførast etter organiseringa er klar. Eg tenker den endelege måten å organisere dette på må kome som resultatet av ein dialog mellom leiarane og dei aktuelle kandidatane. Det viktige er likevel at aktuelle datoar og tidsrom for dei ulike aktivitetane vert avklara snarast mogeleg. Vi følgjer opp i ASG.

Innkjøpsordninga

For ei tid tilbake skreiv eg om at vi hadde fått i oppdrag å ta initiativet til ei arbeidsgruppe som skal sjå på ei ny organisering av innkjøpsordninga i fylket. Dette heng saman med at fylkeskommunen skal ut av ordninga vi har i dag. Omtalen av dette saman med eit brev som har gått ut frå Flora kommune om ledig kapasitet innan dette feltet, har gitt grunnlag for enkelte til å tru at vi langt på veg hadde konkludert med at Kinn kommune skulle overta funksjonen fylkeskommunen har hatt. Det har vi sjølvsagt ikkje. Eg gjentar det eg sa sist eg omtalte dette i fredgasbrevet. Det er initiativet til og leiing av arbeidsgruppa vi har eit ansvar for. Det er på ingen måte gitt kva arbeidsgruppa vil tilrå overfor KS og som den enkelte kommune seinare vil måtte vurdere å ta del i.

Breidda i lokaldemokratiet

Då eg opna straumposten i dag tidleg såg eg ei hyggeleg melding. Klaus-Dieter Edler bur i Almenningen og er oppteken av bygdene og grendene sitt engasjement. Han kjem blant anna med framlegg om eit Grende- og bygdeting der dei som bur der kan kome med ønskjer, drøfte utvikling eller ta opp andre tilhøve dei tenker på. Eg syns det er eit godt innspel – og bør ikkje møtast med tankane om formelle kommunedelutval, men kan hende meir i retning av korleis Flora på ein god måte har organisert samarbeidet med grendelaga. Eg har vidaresendt meldinga frå Klaus-Dieter til både ordførarar og varaordførarar og prosjektorganisasjonen for vidare oppfølging. Det er kjekt når vi får slike innspel. Takk!

ARK-2 Administrativt rundskriv for Kinn, nr 2

er sendt ut i dag. Der kan du lese meir om blant anna ei endring i organiseringa av barnevern og helsestasjonen, delprosjekta innan IKT og korleis vi skal arbeide vidare med å fastsette organisering av dei merkantile oppgåvene. Eg meiner at fleire av spørsmåla vi får frå organisasjonen er omtala i ein del av informasjonsmateriellet vi sender ut. Difor er det viktig at leiarane i Flora og Vågsøy går gjennom eller i alle fall viser til materiellet i sine møter med dei tilsette.

Møte i Fellesnemnda (FN)

Fredag er det møte i FN med fleire interessante saker. Invitasjon til å delta i plansamarbeid for sjøområda, tillitsvalde sin representasjon i FN, kommuneøkonomi, hamneorganisering og suppleringsval er nokre av sakene. Du finn dei på kinn.no.

Neste veke

Byrjar med at fleire folkevalde og leiarar deltar på KS sin strategikonferanse måndag og tysdag. Onsdagen er eg i Vågsøy og torsdag har vi møte i prosjektstaben. Fredag er det som sagt møte i Fellesnemnda.

God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!