Første bystyremøte
No går det unna. På onsdag er det klart for det første bystyremøte i Kinn. Eg trur vi er først ute i kongeriket med konstituering etter valet. Det er ein påstand og ikkje faktaformidling. Likevel; det er tidleg, men rett ut frå at dei folkevalde får fordelt ulike postar, verv og arbeidsoppgåver. Då kan vi bruke mindre tid på formalitetane kring ei konstituering i dei andre møta vi har før jul. Budsjettarbeidet blir krevjande både for administrasjonen og dei folkevalde. Difor er det viktig at dei får god tid til denne oppgåva.
Fellesnemnda (FN) blir permittert
Når bystyret har gjort sine val og konstitueringa er gjort neste onsdag, vil Fellesnemnda sine oppgåver bli overtekne av bystyret. Bystyret kan gjere vedtak, også før årsskiftet, som forpliktar den nye kommunen frå 1. januar. Kommunestyret i Vågsøy og bystyret i Flora kan ikkje gjere det. Begge vil vere operative ut året, men kun stelle med saker som handlar om å avslutte arbeidet i sine respektive kommunar. Det er Kinn bystyre som gjer vedtak som bind den nye kommunen.
Eg vil igjen nytte høve til å takke for eit godt samarbeid med Fellesnemnda. Nemnda har hatt to leiarar, Jan Henrik Nygård og tidlegare Kristin Maurstad, og eg opplever å ha arbeidd godt saman med begge. Eg trur alle etter kvart ser fram til å forlate prosjektmodus og komme over i ein ordinær driftssituasjon. Det gjeld administrasjonen så vel som dei folkevalde. I så måte ser eg også fram til å samarbeide med den nye ordføraren som vil bli vald i neste veke. Vi har 1 600 tilsette som er innstilt på å gjere det beste for alle i nye Kinn kommune. Det er i seg sjølv ei rå kraft. Vi ønskjer kvarandre lykke til!
Nye eigennamn, men ikkje Nord- og Sør-Kinn
Måndag hadde vi møte i ASG. Vi drøfta blant anna bruk av eigennamn i Kinn. Kva skal tenestene heite. Det er ein del omsyn å ta. Vi bestemte oss for å følgje råda frå Språkrådet. Kjernen er at vi vil nemne den geografiske referansen først, deretter kva føremålet er/kva tenesta driv med. Då vil det heite Måløy heimeteneste og Florø omsorgssenter.
Vi vil gå gjennom alle tenestene i den nye kommunen og kome med ei oversikt over dei nye namna. Det vil ikkje vere rett å nytte Flora og Vågsøy som del av namna på tenestene i Kinn. I alle fall ikkje Flora. Det er fordi ingen plass ber det namnet, i motsetnad til øya Vågsøy som kan forvare bruken av det ordet som referanse i eit eigennamn. Frå administrasjonen si side er vi klare på at å bruke nord og sør som referanse, ikkje vil vere rett. Vi kjenner Nord Fron og Sør Fron, men det er to einskildkommunar i Oppland fylke (nye Innlandet).
Vi meiner at ei reindyrking av Måløy og Florø som del av tenestenamna støtter best opp under intensjonsavtalen, som blant anna seier at vi skal ha fokus på dei to byane. Det vil også vere best når vi skal ta vare på – og utvikle stadidentiteten vår. Då blir nord og sør nye omgrep ingen av oss har noko forhold til. Ein eikefjording er og blir ein eikefjordring, på same vis som ein polljar held fram som polljar (frå Deknepollen). Difor vil dei kommunale tenestenamna bruke stadnamna dei er lokalisert eller ha som verksemdsområde.
Kinn bystyre, sakliste
Som nemnd tidlegare har bystyret møte i neste veke. I tillegg til sjølve konstitueringa, vil dei også ta stilling til den politiske organiseringa, møtereglement og velje nokre utsendingar, blant anna til det første ordinære nye fylkestinget i Vestland. Du kan sjå heile saklista på heimesida vår. Møtet finn stad i Flora samfunnshus 25. september kl. 17.00. Møtet vert sendt på nettet og du kan følgje det via lenka på heimesida.
Office 365
I dag var tilsette frå Måløy og Flora samla for ulike demonstrasjonar av Office 365. Vi seier at vi i Kinn skal kunne kople oss på systema våre kor som helst og når som helst. I Office 365 ligg delar av ei slik løysing. No vil vi organisere innføringa som eit eige prosjekt i regi av fag og utviklingsavdelinga i rådmannen sin stab. Eigne It-ressursar og Nordfjordnett vil vere sentrale aktørar her. Alt på måndag vil vi drøfte meir om korleis vi skal organisere dette prosjektet.
Neste veke
Måndag har vi møte i ASG. Tysdag deltar eg på møte i Koordineringsrådet Helse Førde. Onsdag har Kinn bystyre møte. Torsdag er det møte i kontrollutvalet i Florø. Fredag er det møte med dei andre rådmennene i Nordfjord.
God helg og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!