Prinsipp for lønsfastsetting

ASG hadde møte måndag denne veka og der vart det blant anna bestemt nokre prinsipp for arbeidet med lønsfastsetting og harmonisering i Kinn. For det første vart det slått fast at vi skal starte arbeidet med eit lønspolitisk dokument. Dokumentet skal seie meir om korleis vi skal fastsette lønene i framtida. Med andre ord; overordna føringar om dette.

I mai og juni skal vi ta stilling til kven som skal høyre heime i hovudtariffavtalen sine ulike kapittel. Fastsetting av løn og andre arbeidstilhøve til nye tenesteleiarar, avdelingsleiarar og personell i nøkkelstillingar, skal vere avklart innan mai/juni i år. Avklaringane skjer sektorvis ved kommunalsjef, personalsjef med inntil to representantar for kvar av dei tilsette sine organisasjonar. For alle andre skal løna vere avklara innan august i år.

I tillegg til løn skal vi også få på plass omfanget av frikjøp for tillitsvalde. Det betyr kor mange tillitsvalde og korleis tillitsvaldsstrukturen skal vere i Kinn. Dette må sjølvsagt vere på plass før januar 2020. Så skal planen til slutt seie meir om korleis vi skal ha på plass ei fullstendig lønsharmonisering i løpet av 2023. Vi kjem tilbake med meir informasjon etter kvart som det vert avklart.

Kor tid skal tilsette byrje i stillingar etter ekstern utlysing?

Ei anna sak vi drøfta i ASG var tid for tiltreding av dei som vert tilsette etter ekstern utlysing. Vi kan ikkje vere kategorisk på ein felles dato for denne gruppa. Fleire forhold spelar inn i vurderinga. Kommunen sitt behov, oppseiingstid og økonomi er døme på noko av det vi må vurdere. Dersom det er snakk om å byrja i stillingane lenge før årsskiftet må rådmannen godkjenne det. Det er kommunalsjefane som ansvarlege for dei ulike tenesteområda som vil styre dette, men vi skal koordinere det i ASG.

Eiga arbeidsgruppe for kvalitetssikringssystem

Vi har tidlegare bestemt at vi skal bruke Compilo som program for kvalitetssikringa i Kinn. Å bygge eit kvalitetssystem er eit omfattande arbeid som treng god planlegging og rett start. Dette er eit system som skal brukast av heile organisasjonen og det er viktig at det vert tenkt gjennom korleis vi skal innføre det. I så måte kan vi hauste av Vågsøy som har nytta programmet i ei god tid. Vi må uansett sette ned ei arbeidsgruppe som får i oppgåve å sjå nærare på korleis dette skal skje. Organisasjon må byggast utifrå den strukturen som er vedteken, og vi må frigjere ressursar til arbeidet. Difor vil kommunalsjefane i tida fram til utgangen av neste veke vurdere og peike ut kandidatar til arbeidsgruppa.

1600 nye arbeidsavtalar

Vi ser no på korleis vi skal gi alle tilsette i Kinn nye arbeidsavtalar. Vi er i drøftingar med programleverandørane. Målet må vere at arbeidet kan skje ved å hente opplysningar frå kommunane sine elektroniske personalarkiv med så lite manuell føring som mogeleg. Alle skal i alle fall ha nye avtalar ved inngangen til det nye året.

Næringsdagane
Tysdag og onsdag var det samling der ordførarar, rådmenn og andre tilsette møtte næringslivet. To statsrådar deltok og det var mange gode innlegg. Eg noterte meg noko som kom frå talarstolen. Både næringsministeren og digitaliseringsministeren viste til døme på verksemder som får det til, Ewos, Videonor og Local Host var blant dei nemnde. Statsekretær Atle Hamar viste til "hydrogenbåtprosjektet i Florø".

Det vart også sagt, med referanse til Equinor, at havvindmøller ville bli lønsame om fem år. Det kan gi sjø- og havområda våre nytt potensiale. Det vart også streka under at dersom vi skal lukkast med næringsarbeidet vil vi ha behov for eit godt samarbeid og møteplassar mellom næringslivet, kommune, skule og NAV. Då tenkte eg på målsettingane i vår eigen intensjonsavtale. Det er nettopp det vi skal gjere.

Det kom eit anna signal vi skal ta innover oss. Dersom staten og det offentlege skal få til det grøne skiftet, må også kommunane bli flinkare til å stille miljøkrav ved innkjøp. Då treng kommunane kompetanse og kapasitet til det. Kinn vil ha det, men langt frå dei fleste kommunane i landet. Kan dette ende med ei ny statleg styring ved å gi dei nye fylkeskommunane ei ny oppgåve på vegner av kommunane, eller får vi eit nytt kompetansekrav gjennom lov og forskrift?

God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!