Vel overstått 1. mai!
Onsdag denne veka markerte vi den internasjonale arbeidardagen. Eg reflekterte over at mange av dei vilkåra vi har tatt inn i avtaleverket for omstillinga, byggjer på rettar som nokon før oss har kjempa fram. Uansett politisk ståstad, plass i organisasjonen, så bør vi vel erkjenne at å omstille store organisasjonar utan sikringsreglar for dei tilsette – hadde vore ei langt vanskelegare oppgåve. Det hadde i alle fall vore umogeleg utan den direkte og aktive innsatsen til tillitsvalde og tilsette i dei to kommunane. Som prosjektrådmann vil eg difor bruke desse linene på å takke for det.
Arbeidet med kommunevåpen
Fellesnemnda bestemte at arbeidsgruppa sitt framlegg til kommunevåpen skulle supplerast med to til. Vi har fått inn nokre nye alternativ som arbeidsgruppa har sett på. Vi ventar no på nokre til, og då vil arbeidsgruppa sende nye framlegg til fellesnemnda. Eg håper dette kan skje så snart som råd, men ser at vi slit med å få det til før 9. mai når FN har møte. Vi skal likevel prøve.
Rehabilitering i Kinn
Sakspapaira til FN sitt neste møte er no under produksjon og utsending. Ei av sakene handlar om rehabilitering, ei viktig teneste innanfor helse- og velferdsområdet. Rehabilitering handlar om dei tenestene vi gir til dei som treng å meistre tapte funksjonar etter sjukdom, skade eller å ha vore avhengig av rusmiddel.
I 2018 var det om lag 100 personar som fekk slike tenester i Flora. I Vågsøy i overkant av 50. I hovudtrekk kan vi seie at det vert gitt tenester ved institusjonane Flora omsorgssenter og Kulatoppen. Etter eit opphald der, vert personane følgd opp vidare i heimane eller i omsorgsbustader. Både Vågsøy og Flora har såleis eigen kompetanse og kapasitet kopla til institusjonsdrifta, og i framlegget til FN tilrår eg å halde fram med denne ordninga.
Både nasjonale mål og eigne prioriteringar tilseier at vi skal gjere meir. Eitt av dei sju prinsippa som ligg til grunn for organisering av tenestene i Kinn er tidleg innsats. Innan dette feltet kan det bety at vi må auke innsatsen overfor dei av innbyggarane våre som står i fare for misse viktige funksjonar. Det som handlar om å meistre kvardagen. Så det første av fire punkt i vedtaket handlar om å vidareutvikle det førebyggande arbeidet slik at mange kan klare seg sjølve i heimen.
Det andre punktet set fokus på at når vi gir tenester om rehabilitering må det bygge på ei vidareføring av tankesettet som ligg bak det å meistre kvardagen. Her skal vi arbeide målretta med brukarane sine behov. Andre stikkord her er tverrfagleg samarbeid, trening og oppfølging.
For det tredje tilrår vi å ta i bruk ei eiga leiligheit i Markegata 55 i Florø som treningslokale. Det skal vere eit målretta tiltak til dei vaksne og yngre eldre som har vore utsett for til dømes hjerneslag, ulykke eller annan akutt sjukdom.
Det fjerde og siste punktet i tilrådinga stadfestar ei vidareføring av døgnrehabilitering i institusjon ved Flora omsorgssenter og Kulatoppen. Det er ei eiga arbeidsgruppe med fagpersonar frå begge kommunane som har laga rapporten som denne saka byggjer på. Eg vil takke dei for godt arbeid.
Renovasjonsordninga i Kinn kommune
Ei anna sak som skal til FN handlar om renovasjonsordning i den nye kommunen. Her kjenner vi til at det har vore forhandlingar mellom prosjektet og NOMIL som er ordninga Vågsøy har vore del av fram til no. Med bakgrunn i den avtalen vi no har forhandla fram tilrår eg at Kinn går inn som medeigar i NOMIL. Slik vi no vurderer dei økonomiske konsekvensane vil ikkje endringa medføre auka renovasjonsgebyr. At vi gjer det på denne måten opnar for å tenke nytt når det gjeld lokalisering av logistikkfunksjonar og gjenbrukstasjonar. Dette er noko vi vil arbeide vidare med, etter at FN har tatt stilling til om Kinn skal tre inn i ordninga.
Neste veke
Måndag er det møte i administrativ styringsgruppe i Florø. Vi skal også arbeide vidare med ei sak om gebyrregulativet i Kinn. Tysdag og onsdag deltar rådmann og ordførarane på Næringsdagane i Førde. Torsdag er det møte i prosjektstaben og fredag er det siste møte med ordførarane og prosjektrådmannen i saka om organisering av hamnene.
God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!