Fylkestinget med historisk vedtak om rutebåt
Onsdag denne veka gjorde Fylkestinget eit historisk vedtak om rutebåt som kan få store positive verknader for Kinn og andre kommunar langs kysten. Vi er eit langt steg nærare eit av hovudmåla med Kinn-prosjektet. I intensjonsavtalen vår heiter det: Etablere eit båtsamband med fleire avgangar mellom Vågsøy, Bremanger og Flora og som korresponderer godt med anna samferdsle. Då er det sjølvsagt kjekt å registrere at fylkestinget no har gjort slikt vedtak: Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut anbodsruta Florø-Måløy – evt. Selje t/r som eit nullutslipps/ lågutsleppsanbod for hurtigbåtar.

I neste punkt slår dei fast at ruta må ha ein frekvens som gjer arbeidspendling mellom Florø, ytre Bremanger og Vågsøy (evt. Selje) enklare enn i dag, både på dag- og kveldstid. Eg meiner dette er ein strategisk seier for kysten. Då er det kjekt at det er eit samla fylkesting som står bak vedtaket. Det vert sjølvsagt arbeidd vidare med den mellombelse løysinga med oppstart til hausten.

Kystråd
Som del av satsinga på kysten har både fylkeskommunen og kommunane gått saman om etablering av eit kystråd. Dette heng også saman med fylket sin strategiske plan for kysten som peikar på ei slik etablering. No vert det arbeidd med å få på plass vedtekter for eit slikt råd og her har også ny kommunelov kome med nokre føringar.

Vi er ikkje i mål med etableringa og det er framleis utfordringar med å få alle kystkommunane til å bli samde om vegen vidare, men vi er godt i gang, og ordførarar og rådmenn har nytt møte i Måløy 21. mai. Planen er at kommunane skal ta stilling til saka før ferien.

IT-samling
Onsdag og torsdag hadde Nordfjordnett og dei IT-tilsette i Flora samling i Loen. Det er mykje som skal på plass i månadane som kjem. Det handlar vel også om å kunne skilje mellom det som må vere i orden og det som bør vere det. Eg opplever at alle deltakarane er innstilt på å løyse dette på ein god måte. Det er etablert mange arbeidsgrupper som skal kome med tilrådingar innanfor dei ulike tema. Nordfjordnett har behov for kompetanse og dei tilsette i Flora treng avklaring i høve sin situasjon – og dette må vi sjå i samanheng. Det vil difor bli gjennomført avklaringssamtalar med dei tilsette i Flora i neste veke.

Samling med andre samanslåingskommunar
I dag har Rolf Bjarne og eg vore saman med nokre av dei andre kommunane på Vestlandet som skal slå seg saman. Sunnfjord, Ullensvang, Alvær, Øygarden, Bjørnafjorden og Kinn deltok. Etter ein gjennomgang av status i dei ulike prosjekta registrerer vi at mange av problemstillingane er like.

Organisering av stab og støttefunksjonar var eige tema og utløyste sentrale spørsmål. Korleis skal vi sikre den faglege utviklinga i tenestene? Korleis sikre kommunalsjefane direkte tilgang på ressurspersonar? Dette er spørsmål vi også kjenner oss att i.

Eit anna tema var løns-harmonisering. Ingen av kommunane sit med fasiten, men vi fekk gode innspel til den vidare prosessen. Eit anna fellestrekk kom godt fram; kommuneøkonomien. Alle kommunar som skal slå seg saman slit med økonomien. Kinn er såleis ikkje åleine om det. Vi opplever vel alle at gulrota samanslåingskommunane skulle få misser mykje av effekten. Vi må berre håpe at dette vert følgd opp av dei folkevalde. Det er rett og slett bristande føresetnader og må utløyse ei politisk mobilisering, etter mitt syn.

Pause i tilsettingane
For ordens skuld vil eg gjere merksam på at det for tida er litt stille kring tilsettingar. Vi gjer vurderingar knytt til rettskrav og dette er ganske krevjande. Vi vil likevel halde planen om at alle skal vere innplassert innan 5. september. Vi skal også gjennomføre nokre intervju og enkelte vil skje i neste veke. Vi vil kome med meir informasjon om den vidare framdrifta etter at det har vore møte i den administrative styringsgruppa i neste veke.

Neste veke
Måndag er det møte i administrativ styringsgruppe i Måløy. Arbeidsgruppa for politisk organisering har også møte.

God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!