No før påske

Vi har lagt bak oss tre månader av 2019. Det er ni månader igjen. Då er Kinn kommune ein realitet. Til hausten har vi kommuneval og nytt kommunestyre skal konstituere seg tidleg. Klarer vi det? Ja! Eg skal ikkje gjenta dette med at vi starta seinare enn dei andre og så vidare. Det er likevel viktig for meg å få fram at prosjektstaben og alle tilsette leverer godt. På enkelte område ligg vi føre skjema. Tenk til dømes på at kommuneplanen sin samfunnsdel no ligg ute på høyring. Ja, ja – det er no berre ein plan, kan nokon hevde. Nei, det er ikkje berre ein plan. Det er planen alle andre planar skal ta utgangspunkt i. Det er den dei nye folkevalde skal bygge nye Kinn på. At vi er i mål med den så tidleg er flott. At vi i same øving fekk med oss ei prioritering av andre planar vi skal arbeide med (planstrategien) betyr også mykje. Her har dei folkevalde og alle som har delteke i arbeidet gjort ein god og ikkje minst framtidsretta jobb. Her kjenner eg meg trygg på at det nye kommunestyre i Kinn vil sette pris på arbeidet Fellesnemnda har lagt ned på vegner av den nye kommunen.

Leiarsamling

I slutten av førre veka var dei nye leiarane samla over to dagar. Vi var på Voss og der fekk vi blant anna ei orientering frå Nye Voss herad om korleis dei arbeider med si samanslåing. Mykje likt, men måten dei nyttar elektronisk informasjonsutveksling på, verkar interessant. Vi kan lære mykje av å sjå korleis andre tenker på ulike område. Vi såg også nærare på kva type møter vi skal ha i Kinn, kor ofte vi skal ha dei ulike møta. Korleis vi skal sikre oss at kommunen satsar på tvers av sektorane vart også drøfta. Alle leiarane i kommunen skal inngå ein leiaravtale i tillegg til arbeidsavtalen. Innhald og viktige forhold kring den vart også gjennomgått. Vi vil kome med meir informasjon om dette etter kvart.

NOMIL

Eg har tidlegare skrive om ny renovasjonsordning.  Vi forhandlar med NOMIL og forhandlingane går etter planen. Framlegg til løysingar vil bli politisk handsama i løpet av våren. Vi kan få ei god løysing for heile Kinn. Fire sorteringar der den fjerde vil vere for glas og metall. Det har ikkje Flora i dag.

Reiseliv

Gruppa som ser på hamn og næring har bestemt at vi skal greie ut meir om reiselivet på kysten.

Samstundes har Fjord Norge arbeidd med tre scenario for utvikling av reiselivet på Vestlandet. I samband med dette har vi tatt initiativet til ei samling med dei fleste aktørane langs kysten.. Denne samlinga vil finne stad 14 mai i Bergen.

Tilsettingar

Anita Norstrand er tilsett som tenesteleiar for Helse i Kinn kommune. Anne Grete Sagen er tilsett som tenesteleiar for Heimetenesta, Havreneset, Florø. Eg gratulerer med tilsettingane og ser fram til eit godt samarbeid.

Knut Ove Leite – takk for godt samarbeid!

I dag seier Knut Ove takk for den yrkesaktive delen av livet. Han har vore rådmann i Vågsøy i to periodar. Han reiser tilbake til heimbygda Skodje og skal stelle med hus og hage der. Han har også vore rådmann andre stader og slik sett opparbeidd seg ein betydeleg kompetanse innan den kommunale forvaltinga.

I Kinn-prosjektet har vi vore avhengig av eit godt samarbeid med administrasjonen i begge kommunane. Det har Knut Ove sørga for- for Vågsøy sin del. Han har kome med raske avklaringar og svar når vi har hatt behov for det. Eg har opplevd ein kollega som ser alvoret kome for små og mellomstore kommunar og ser samanslåing som ein måte å møte utfordringane på. Vi takker for eit godt samarbeid og ønskjer lykke til med alt det spennande du no finn på!

Etter påske

Frå påske og fram mot sommaren vil det bli mange saker til avgjerd. Politisk så vel som administrativt. Vi vil halde fram med tilsettingar og avklare dei tilfella der vi har fått rettskrav. Kinn skal inn i Nordfjordnett og det representerer mykje arbeid for dei involverte. I første veka etter påske vil det difor vere ei to-dagars samling med dette som tema. Politisk skal saker som hamneorganisering, interkommunalt samarbeid, politisk organisering og næringsutvikling og eigarskap også få si avklaring. Med andre ord; det blir ein krevjande vår.

Med ønskje om ei god påske!