Det spelar ingen rolle om ein tillitsvald er samd i vurderinga eller ikkje
Overskrifta er eit utdrag frå førre fredagsbrev.
I eit lesarinnlegg i Firdaposten 30. mars skriv Fredrik W. Gulbranson om dette. Han tar setninga til inntekt for refleksjonar om respekt for folk og innbyggarar, at fagforeiningane er ein garanti for kritisk diskusjon. Han held fram med at det er oppsiktsvekkande at eg kan meine dette og at det er feil å kontakte tillitsvalde. Til saman leier dette til ei alvorleg bekymring om korleis vi skal stille oss til det innbyggarane meiner.
Det er mine formuleringar i eit fredagsbrev som fører til desse innspela. Eg meiner sjølvsagt ikkje noko av det som Fredrik hevdar. Eg er opptatt av eit godt samarbeid med dei tilsette og organisasjonane deira. Det spelar som oftast ei vesentleg rolle kva dei meiner. Vegen til tillitsvalde går ikkje gjennom ein prosjektrådmann. I brevet peikar eg på kven som er ansvarleg for tilsettingane som er gjort og kven som er kontaktpunktet i så måte.
Fellesnemnda, kommuneøkonomi
hadde møte i Florø onsdag denne veka. Administrasjonen har tidlegare vore inne på at di lengre ut vi kjem i prosjektet, di fleire viktige saker vil kome til handsaming. Det ser vi no. Av dei 16 melde sakene, vil eg påstå at 10-12 av dei inviterte til eit politisk skjøn. Saker som handla om val av løysingar og som kan bety noko for oss som skal bu i kommunen. I tillegg til sakene hadde vi besøk av ekspert på kommuneøkonomi, Sigmund Engdal frå KS. Han gjekk gjennom inntektssystemet generelt og hadde også sett på kva utslag endringane i systemet gav for Kinn spesielt. Dersom du er interessert i kommuneøkonomi og ønskjer å sette deg litt meir inn i det, vil eg tilrå at du går inn på sendinga og ser denne bolken. Den ligg på kinn.kommunetv.no. Kjernen i bodskapen hans var at Kinn kjem ut betre som samanslått kommune enn kva Flora og Vågsøy hadde gjort kvar for seg. Inntektssystemet har likevel nokre uheldige utslag for vår del. Her peika han på heilt spesielle delar av enkelte tilskot som vi taper på i samband med samanslåinga. Eitt av dei er Sør-Noreg tilskotet. Dette er viktig informasjon for oss når vi skal følgje opp Kinn sine interesser i det vidare arbeidet.
Fellesnemnda, dei kommunale føretaka skal også nytte kommunen sitt dokumentsenter
Det har tidlegare vore bestemt at kommunen skal ha eitt dokumentsenter. Det skal ligge i Måløy og vert kopla til kommunen sitt postmottak same stad.
Då vi tok den administrative avgjerda om det, sa vi samstundes at også posten til og frå kommunen sine føretak skal gå gjennom dokumentsenteret. Som rådmannen har eg ikkje instruksjonsmynde over føretaka og Fellesnemnda vart difor beden om å ta stilling til det. Onsdag bestemte dei at føretaka skal nytte dokumentsenteret. Vi meiner det kan hjelpe oss med ei effektivisering i heile den nye organisasjonen. Vi vil difor følgje opp med å kalle dei daglege leiarane inn til ei nærare orientering om dette. Det vil truleg skje når vi samlar alle tenesteleiarane.
Stønad til kulturføremål
Fellesnemnda opna også for å kunne støtte ulike kulturarrangement som skjer i dei to kommunane fram til samanslåinga. Så dersom du er medlem i eit lag eller ein organisasjon som har planlagt ein aktivitet så er det mogeleg å søke om stønad til tiltaket. Det vil sjølvsagt hjelpe på at ein legg til rette for deltaking frå begge kommunane. Dersom du ønskjer å vite meir om dette, kan du lese meir i sakspapira til Fellesnemnda som du finn på heimesida vår.
Fyrstelinetenester der dei er ved samanslåinga
Då intensjonsavtalen vart inngått var dei folkevalde sterk og klar på at ei samanslåing ikkje skulle gå ut over kor innbyggarane møter kommunen sine grunnleggande tenester. Då det politiske ordskifte var på det mest heftige var det mange som var engsteleg for store endringar her. I Fellesnemnda sitt møte vart intensjonsavtalen sine føringar stadfesta. I fleire saker som handlar om lokalisering og organisering av helse- og velferdstenester slo nemnda fast at dei vert som i dag. Det gjeld blant anna legevaktsordninga. Noko anna har ikkje vore meininga. Nemnda hadde føre seg fem saker der dei handsama desse spørsmåla. Legevaktsordning, legevaktstelefon, felles øyeblikkeleg hjelp senger, kreftkoordinator og jordmortenestene er alle saker som stadfestar dette mønsteret. Les meir om dei på heimesida vår.
God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!