Dei tillitsvalde si rolle
Prosjektorganisasjonen og begge kommunane er inne i ei hektisk tid. Vi skal ta stilling til mange saker. Å bestemme korleis organisasjonen skal sjå ut innan dei ulike tenesteområda, og tilsettingar i leiarfunksjonar kan vere krevjande oppgåver. Vi veit i alle fall dei utløyser reaksjonar. Eg vil at alle som ønskjer opplysingar eller på anna vis vil kome i kontakt med prosjektorganisasjonen om desse spørsmåla, tar kontakt med meg eller prosjektkoordinator Rolf Bjarne Sund. Fleire har kontakta dei tillitsvalde, enten for å kommentere eller stille spørsmål. Det blir feil. Det er kun ei adresse i slike saker; arbeidsgjevar. Etter avtaleverket har dei tillitsvalde ein rett til å delta i rekrutteringsprosessane, men det er likevel fullt ut arbeidsgjevar sitt ansvar. Det spelar ingen rolle om ein tillitsvald er samd i vurderinga, eller ikkje. Det er arbeidsgjevar som tilset og då er det også arbeidsgjevar ein skal rette seg til om alt som har med desse spørsmåla å gjere.
Sentralbord og informasjonsavdeling til Florø
For to veker sidan vart den første delen av dei merkantile tenestene bestemt. No følgjer vi opp med ei avgjerd om plassering av kommunen sitt sentralbord og informasjonsavdeling. Dei funksjonane vert lokalisert med Florø som base. Igjen, og på same måte som for dokumentsenteret; dei tilsette skal kunne arbeide frå begge kommunesentra, men her har avdelingane og den tekniske løysinga Florø som utgangspunkt. Eitt felles sentralbord vil gi alle innbyggarane same inngang til kommunen. Vi vil på sikt samle ressursane som jobbar med sentralbordoppgåver, og alle som kontaktar kommunen på telefon vil bli motteke på same måten. Det blir viktig at vakttelefonane er operative både i Florø og Måløy, uavhengig av kor sentralbordet er. Sentralbordet må kunne svare frå begge kommunesentra. På den måten kan vi få til ei god overlapping ved møter, fellesaktivitetar og fråvær. Dette fiksar teknologien.
Arbeidsgruppa spelte inn at ei informasjons-avdeling i Kinn bør ligge i Florø. Det vil vere eit behov for tilsette som jobbar med informasjon i både Måløy og Florø fordi vi har kommunesenter og servicetorg begge stadar. Vi vil ha overlapping for kvarandre ved fråvær og arbeidstoppar. Ei 24/7 forvalting skal gi innbyggarane ei langt betre oppleving som i seg sjølv skal redusere etterspurnader, misforståingar, og føre til enklare saksgang. Her har vi eit stort potensiale.
Gjermund Veka tilsett som ny tenesteleiar
Gjermund vert den nye bustadsjefen i Kinn kommune. Han har fram til no leia bustadkontoret i Flora som for nokre år sidan omorganiserte tenesta. Ei organisering vi meiner gav betre tenester til brukarane. Veka hadde med seg erfaring frå Bergen kommune si bustadsosiale satsing då han kom til Florø i 2014. Då vi starta samtalane om Kinn var Vågsøy i gang med planar om eige bustadkontor. Dei såg blant anna til modellen i Flora. Eg ser fram til at vi no kan bruke Gjermund si erfaring til å bygge opp ei god teneste i Kinn kommune.
Satsing på turisme
Dette fredagsbrevet skriv eg om bord i Frøya på veg til Florø. Eg har kome i prat med nokre andre passasjerar som lurer på kva som skjer med turismen når Bergen vil innføre eit tak på tal skip som kan ligge til kai i Bergen. Vi vart samde om at dette opnar for store mogelegheiter i våre område. Det kan endre seglingsmønsteret til cruisetrafikken og gi oss tilgang på reisande. Torsdag arrangerte Måløy Vekst ei samling med over 50 representantar frå lag og verksemder som vil satse på reiseliv. Rolf Bjarne var til stades og melder om optimisme, pågangsmot og vilje til å satse på denne næringa. Kinn må vere med å legge til rette. I så måte er arbeidet med organisering av hamnene viktig å få på plass. Det arbeidet går også etter planen.
Nordfjordnett og IT-tilsette
No går dette arbeidet godt. Stort sett alle it-tilsette er med i ulike arbeidsgrupper, og i slutten av april skal vi samle alle for å gå gjennom status og vegen vidare. IT er kan hende den delen av ei kommunal drift der vi er mest sårbare. Det som skal sikre ei forsvarleg drift frå 1. januar må vere plass. Det er rett og slett ikkje noko slingringsmonn. Andre ting kan vente og det handlar såleis å skilje mellom det som må vere på plass og det som kan vente. Når dei tilsette sjølve tar del i arbeidet, meiner eg dette er tatt godt i vare.
God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!
Terje Heggheim
Prosjektrådmann