Kristin Maurstad blir ny kommunalsjef

I dag har eg tilsett Kristin Maurstad som kommunalsjef for innovasjon og utvikling. Eg ser fram til å samarbeide om mange spennande oppgåver. Ho har god erfaring som leiar frå offentleg teneste i skuleverket og frå private selskap. Som medarbeidar i Måløy Vekst og Fram Flora arbeidde ho med oppgåver som ligg opptil det ho skal gjere i denne stillinga. Kommunalsjefen skal kople ulike aktørar til felles arbeid for eit godt og innovativt Kinnsamfunn.

Kommune, næringsliv og utdanningsinstitusjonar skal løyse oppgåver og arbeide saman om desse måla. Vi skal hive oss med på satsingsområde som både stat, region og andre tar initiativet til. Til det arbeidet vurderer eg Kristin sin politiske bakgrunn som verdifull. Både i høve ho som kandidat til stillinga, men også kva den bakgrunnen betyr når vi skal banke på ulike dører for å få hjelp til å realisere desse planane. Det politiske virke kan by på formelle utfordringar. Det har vi snakka om, og skal finne gode og ryddige løysingar på. Eg ønskjer Kristin velkomen i leiinga av Kinn kommune.

Nye tenesteleiarar

Vi er no godt i gang med å få på plass tenesteleiarar i Kinn. Denne veka har vi gjort slike tilsettingar:

Tenesteleiar for:

Namn:

Kulturskulen

Arne Sunnarvik

Helsestasjonen

Kari Liseth

Barnevernet

Vidar Nytun

Brann og redning

Robert Endestad

Kultur

Odd Gunnar Myhre

Rus og psykiatri

Erik Onstad

Eg gratulerer dei nye tenesteleiarane og ser fram til eit godt samarbeid. Vi held fram både med intervju og tilsettingar i vekene som kjem. Dei vil bli omtala i dei komande fredagsbreva.

Organisering av økonomiavdelinga

Den administrative styringsgruppa har no tatt stilling til organisering av økonomiavdelinga. Du kan lese meir om dette i ARK 5 som vert sendt ut seinare i ettermiddag. Det meste er klart, men vi har til gode å konkludere vedkomande organisering av budsjettleiing. Stillinga som rekneskapssjef blir no utlyst eksternt, medan andre stillingar vil kome etter intern utlysing/ avklaringssamtaler og intervju. Organiseringa av økonomifunksjonen vil ta utgangspunkt i tre likestilte avdelingar for rekneskap, løn og skatt. Så står det att å sjå korleis vi legg til rette for at budsjettarbeidet i Kinn også får ei god og overordna forankring.

Dokumentsenter, postmottak og Kinn si postadresse vert lagt til Måløy

Vi har tidlegare bestemt at vi må samle mange av fellestenestene i administrasjonen. Slik må det bli i ein organisasjon som skal vere effektiv, framoverretta og berekraftig. Difor er ei samling av dei merkantile tenestene viktig. Kinn må ha ei postadresse, eitt fakturamottak og eitt dokumentsenter. Det blir lagt til Måløy. For meg veg det tungt at Vågsøy for over ti år sidan gjennomførte mange av dei endringane som Kinn samla sett skal gå laus på no.

Dokumentsenteret skal skanne og fordele post til alle kommunale tenester – dette gjeld også for dei kommunale føretaka. Det siste skal til Fellesnemnda for stadfesting. Kinn kommune skal også tilby å vere dokumentsenter for samarbeida der vi er vertskommune. Dokumentsenter er eit meir samlande omgrep for det vi kjenner som post/arkiv. Sjølv om fysisk post skal handterast i Måløy, er det framleis mogleg å jobbe med elektronisk post uavhengig av plassering av dokumentsenteret. Vi må halde fram kartlegginga av dei administrative oppgåvene som vert løyst ulikt i kommunane i dag. Difor blir det eit eige prosjekt for det. Her skal alle sektorar og stabar involverast. Assisterande rådmann skal leie prosjektet. Vi må vere ferdige med arbeidet innan mai 2020.

Neste veke
Møte i ASG måndag.Tysdag er det fellesmøte med alle IT-tilsette.Onsdag deltar vi på ei oppdatering i den nye kommunelova. Torsdag er det kommunedag i Florø kor vi skal informere om Kinn, og fredag har vi møte med Nordfjordnett.

God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!