Administrativ styringsgruppe (ASG)
hadde møte måndag. Vi vedtok blant anna retningsliner for korleis vi skal handtere rettskrav. Rettskrav handlar om at nokon meiner dei har ein fortrinnsrett til ei stilling. I samanslåingsprosessar kan vi få situasjonar der medarbeidarar meiner dei har krav på tilsvarande stilling i den nye organisasjonen. Det er ikkje berre å slå opp i eit lovverk – fordi det rett og slett ikkje fins ei lov på dette området. Det er kun gjennom tidlegare rettspraksis vi finn korleis dette er løyst i saker og andre stader. I Kinn-prosjektet er det nokon som har fremma eit slikt krav, difor må vi ha køyrereglar på det. Organiseringa av tenesteområdet for oppvekst og undervisning vart også bestemt i møtet. Det kjem meir informasjon frå dei ulike avgjerslene i ASG i eit administrativt rundskriv som vert lagt på heimesida seinare i dag.
Vestland fylke og KS
Vi veit at fylka Hordaland og Sogn og Fjordane vert eitt fylke frå same tid som Kinn vert ein kommune. I samband med det vil også KS – kommunane sin interesseorganisasjon måtte finne ut korleis dei vil organisere seg når kommune- og fylkesgrenser vert endra. Dei to rådmannsutvala i Hordaland og Sogn og Fjordane hadde møte om saka i Florø tysdag og onsdag denne veka. Der sit rådmannen i Vågsøy Knut Ove Leite og eg. Det var eit godt møte som i hovudsak konkluderte med at vi ikkje kan prioritere å få på plass alle dei nettverka og fora som blant anna har prega organiseringa i Sogn og Fjordane. Vi må prioritere å etablere dei overordna organisasjonsledda som eit nytt felles fylkesstyre og rådmannsutval. Deretter og når det fell naturleg kan vi sjå på korleis vi kan etablere nettverk av ulike nivå, teneste og fagområde. Som eit døme kan vi nemne at kommunalsjefane har møtt kvarandre både i ein regionsamanheng og på fylkesnivå. Det blir med andre ord ikkje ei automatisk vidareføring av slike nettverk i oppstarten av nytt fylke, men at dei kan kome seinare når den overordna organiseringa dannar grunnlaget for det.
Får vi nytt kommunevåpen, eller?
Fellesnemnda (FN) hadde møte onsdag og bestemte at vi skal arbeide vidare med nytt kommunevåpen. Arbeidsgruppa sitt framlegg skal vere med vidare i prosessen, men skal supplerast med to alternativ. Arbeidsgruppa skal kome med framlegg til desse to, og meininga er at då skal vi legge ut tre alternativ som innbyggarane i Flora og Vågsøy kan røyste på. Eg er litt uroleg for tida dette tar. Det stod i saka som eg fremma til nemnda, men vi skal sjølvsagt gjere det vi kan for å få dette til. Tidleg neste veke vil eg saman med leiaren i arbeidsgruppa; Jacob Nødseth - drøfte den vidare vegen i prosjektet. Vi bør også gripe den mogelegheita som ligg i å nytte på ein positiv måte - det engasjementet ei slik sak utløyser.
Vidareføring av interkommunale samarbeid
I FN sitt møte vart det også bestemt at Kinn vil vidareføre ein del interkommunale samarbeid som Flora og/eller Vågsøy er del av i dag. Arbeidsgruppa som Ola Teigen har leia tilrådde, og FN slutta seg til, at vi held fram med desse interkommunale samarbeida:
- Vassområde Sunnfjord
- Interkommunalt samarbeid om folkehelse
- Alarmsentralen Sogn og Fjordane
- Overgrepsmottak
- Senter mot incest og seksuelle overgrep
- Barnevernsvakt
- Interkommunalt krisesentertilbod
Andre samarbeid som vi er del av vil bli vurdert i arbeidsgruppa som seinare kjem med nye tilrådingar, men det er godt med alt som fell på plass og får si avklaring!
Fleire informasjonsmøte med tilsette
I dag var det informasjonsmøte med tenesteleiarar og tilsette på rådhuset i Måløy. Neste veke er det tilsvarande møte i Florø. Etter kvart som prosjektet no tek stilling til tema som gjeld tenesteområda og den enkelte teneste, vil det vere behov for oftare møte med dei det faktisk gjeld. Difor vil vi kome med ein møteplan som legg opp til fleire og oftare informasjonsmøte
Neste veke
Møte i ASG måndag. Same dag har vi også møte om hamneorganiseringa. Tysdag og onsdag er det felles fylkestyremøte (Hordaland og Sogn og Fjordane) i Florø. Torsdag er det møte i prosjektstaben.
God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!