Er leiaren av ein skule rektor, eller er ho ein tenesteleiar?

I drøftingane med å få på plass organisasjonen Kinn kommune nyttar vi ofte stillingsheimlar. Eg opplever at vi nyttar omgrepa ulikt. Vi har difor hatt ein gjennomgang på dette, blant anna i den administrative styringsgruppa.

I offentlege organisasjonar skil vi ofte mellom ei nivånemning og ei funksjonsnemning. For å svare på overskrifta til dette avsnittet kan vi seie at ein rektor då er funksjonsnemninga medan tenesteleiar er nivånemninga. Litt repetisjon. Kinn kommune blir delt inn i fire tenesteområde. Tidlegare ofte omtalt som sektor. Det er 1) Leiing, stab og støtte, 2) Helse og velferd, 3) Oppvekst og undervisning og 4) Samfunn, kultur og miljø. Desse tenesteområda vert leia av ein kommunalsjef. Eit tenesteområde har fleire tenester. Ei teneste er ei sjølvstendig administrerande eining med blant anna økonomi og personalansvar. Ei slik teneste vert leia av ein tenesteleiar som fortel om nivået i organisasjonen.

I dømet ovanfor ein rektor. Då fortel vi meir om funksjonen til vedkomande. I ei teneste kan vi ha fleire avdelingar, då har vi avdelingsleiar, medan ei tilleggsnemning seier meir om funksjon eller plassering, til dømes avdeling Måløy, avdeling B eller dementavdelinga. Under ei avdeling sorterer gruppe med gruppeleiar og følgjer same prinsippet som avdeling for ytterlegare spesifisering. Vi kan sette det opp slik:

Eining

Nivå

Funksjon

Kommune

Kommunedirektør

Rådmann

Tenesteområde

Kommunalsjef

Kommunalsjef

Teneste

Tenesteleiar

Rektor/styrar

Avdeling

Avdelingsleiar

Avdelingsleiar X

Gruppe

Gruppeleiar

Gruppeleiar X

Kommunedirektør er nemninga den nye kommunelova nyttar på øvste administrative leiar. Det er gudskjelov valfritt om kommunane vil nytte den. Dette temaet er ikkje den viktigaste kunnskapen å ha med seg i endringsprosessen mot Kinn, men det vil ofte tene ei god drøfting at vi har felles forståing av dei ulike omgrepa.

Arbeidsgjevarpolitisk dokument

Onsdag vart arbeidsgruppa ferdig med dokumentet. Måndag har Nils Myklebust og eg eit møte der vi finpussar litt for ei oversending til Fellesnemnda. Gruppa tilrår blant anna å innføre ein arbeidsmiljøpris i Kinn kommune. Målet med den er sjølvsagt å motivere til aktivitetar som har ein positiv verknad på arbeidsmiljøet. Vi kjem med meir stoff om dette seinare.

Val av nytt fagsystem for omsorg

Då er det gjort, valet er tatt. Det blir eitt nytt felles EPJ-system (elektronisk pasient journal). ACOS sitt system er vald. Det var totalt tre tilbydarar med i oppløpet. Både arbeids- og styringsgruppa vart til slutt samde om valet. Først vil eg sjølvsagt takke for arbeidet de har lagt ned. Eg trur få eigentleg skjønar kor mykje arbeid dette er. Kor mange variablar og parameter som skal vere med i vurderinga? Alt arbeidet som skal gjerast ved innføring av det nye systemet. Vi visste at det var relativt stor sjanse for at eitt av systema som ein av kommunane har i dag, ville bli vald. Etter at gruppa hadde vurdert pris, korleis programmet fungerer, service og innføring, kunne dei gå for eit val. Det var ingen enkel oppgåve. ACOS er det programmet Flora nyttar i dag. Slik sett kan ein hevde at innføringskostnadane vert noko mindre enn ved andre alternativ, men ein kvar frå utsida, vil aldri likevel kunne sjå heilskapen i arbeidet som følgjer av ei slik avgjerd. Når det er sagt; i det lange løp vil Kinn vere tent med eitt felles system. Ikkje minst i kommunikasjon og meldingstenesta med dei andre aktørane i det offentlege helsestellet. Takk til alle som har arbeidd godt med denne saka!

Neste veke

Startar med møte i administrativ styringsgruppe og det vert tatt stilling til ein god del innan det merkantile området. Vi kjem med meir informasjon om det. Elles vil neste veke gå med til mange intervju i samband med rekruttering til ulike stillingar. Vi har også eit eige førebuingsmøte for det første fellesmøte med dei IT-tilsette i Nordfjordnett og Flora og Vågsøy. I tillegg vil det bli skriving av saker til Fellesnemnda som har møte veka etter.

God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!