Administrativ styringsgruppe
Hadde møte måndag i veka. Her vart det blant anna tatt stilling til organisatoriske spørsmål innan helse og velferd. Vi har også bestemt at stillinga som teknisk sjef i Kinn vert å lyse ut eksternt. Les meir om desse sakene i ARK-3 som vert lagt på heimesidene våre seinare i dag.
Møte med alle IT-tilsette
Tysdag hadde vi møte med Nordfjordnett om Kinn si rolle i IKT-samarbeidet i Nordfjord. Vi har ein god dialog, men det er sjølvsagt mange tunge spørsmål som skal ha si avklaring. Det finn vi ut av. Vi bestemte blant anna å ha eit fellesmøte med alle tilsette i Flora og Nordfjordnett 15. mars i Måløy. Eg vil ha eit eige førebuingsmøte med dei tilsette i Flora i forkant av det. Vi sender ut eigne innkallingar til møta.
Organisering av hamnene
Onsdag møtte alle ordførarane i Flora og Nordfjord Hamn IKS, prosjektorganisasjonen og PwC i Bergen. Dette som ei oppfølging av eit tilsvarande møte vi hadde i Måløy før jul. No verkar det som vi er sikra framdrift i ei utgreiing av alternative modellar for eit framtidig hamnesamarbeid. Det har vore naudsynt for enkeltkommunar å få fram kva som er viktig for dei ved ei eventuell omorganisering. Eg meiner utgreiingsarbeidet vil fange opp desse tilhøva. Vi fekk også ei orientering om korleis hamna i Bergen med omlandskommunane er organisert og prosessen bak dette. Det var nyttig informasjon. Vi er samde om å halde fram utgreiinga og så blir det sjølvsagt opp til kvar kommune å vurdere resultatet av ein slik rapport. Det var i alle fall kjekt å registrere at formannskapet i Bremanger på torsdag bestemte seg for å ta del i utgreiinga. Vi ser fram til å utvide samarbeidet om å sjå på hamneorganiseringa saman med dei.
Framtidsfylket og karrieremesse i Bergen
Seinare onsdagskvelden deltok ordførarane, Rolf Bjarne og eg på karrieremessa i Bergen. Eg opplevde eit godt oppmøte av mange søkande unge og nyutdanna. I forkant av sjølve messa og mingling blant dei ulike som hadde utstillingar eller stands, var det ein fellespresentasjon med ulike innslag frå fylket vårt. Kjære folk; vi har mykje å tilby. Her var det i hovudsak dei unge sjølve som fortalde om deira opplevingar med å arbeide ulike stader i fylket.
Sindre Kvalheim presenterte Vågsøy-miljøet på ein god og tillitsvekkande måte. Å nå denne målgruppa står heilt sentralt – også i Kinn-prosjektet. Det slo meg likevel at ei slik messe er ein møteplass – kan hende ikkje noko meir. Det er å vere attraktiv over tid som betyr noko. Då tenker eg også på Telemarkforsking sine rapportar som peikar på at skal vi lukkast med dette må kommune, næringslivet og frivillige lag og organisasjonar spele på lag. Kinn sitt arbeidsgjevarpolitiske dokument tar opp mykje av dette.
Møte med Fellesnemnda i Nye Vestland fylke
Torsdag hadde Fellesnemnda i Nye Vestland fylke (FV) møte i Flåm. Kinn presenterte seg der. Det var ordførarane som hadde fått tid til å snakke om saka vår. På ein god måte fortalde dei at det som var Kinn si sak og målsettingar også var den nye fylkeskommunen sine. Det heng sjølvsagt saman med at uansett kva aktivitet den nye fylkeskommunen skal gjennomføre – så vil den skje i ein kommune.
Ordførarane våre viste til dei nyleg vedtekne overordna planane i fylket og peikte på at her har både fylkeskommunen og Kinn dei same målsettingane. Døme; ei båtrute mellom Florø og Måløy som ikkje forureinar vil også hjelpe fylkeskommunen i å nå dei klimapolitiske mål-settingane sine. Eg såg to ordførarar som var på tilbodssida om framtidig samarbeid mellom dei to forvaltingsnivåa. Eg såg ei fellesnemnd som følgde med og responderte positivt på invitasjonen frå Kinn.
No vil prosjektorganisasjonen og sjølvsagt fellesnemnda vår følgje dette opp, og no er det kanskje tid for å spele inn kortet som Geir Vinsand i si tid peikte på; korleis kan Kinn saman med fylkeskommunen utvikle ei forsøksordning der kommunen sjølv og i større grad sit i førarsetet for ei regionalpolitisk utvikling av kysten. No vil eg difor kontakte Vinsand for å forprosjektere eit opplegg saman med den nye fylkeskommunen. Dette blir spennande.
Neste veke
Måndag har vi møte i administrativ styringsgruppe. Tysdag er eg i KS-møte. Onsdag har arbeidsgruppa som ser på arbeidsgjevarpolitikk møte. Fredag har eg KS-hatten på og møter Storingsbenken.
God helg – og lukke til i det vidare arbeidet med Nye Kinn kommune!