Vi ønskjer deg hjarteleg velkomen til informasjonsmøte om Kinn kommune på Flora samfunnshus i festsalen måndag 22. januar! Møtet startar kl. 19:00.

Her vil vi gje førstehandsinformasjon om prosessane rundt etableringa av kommunen, og svare på spørsmål som du har. 

Direktesending av folkemøtet finn du her - sendinga startar kl. 19:00!

Vel møtt!

Båtrute til øyane

Vi ønskjer at flest mogleg skal kunne delta på møtet. Difor ønskjer vi svar frå innbyggarar på øyane som vil delta, slik at det kan settast opp båtrute. Dersom du bur på øyane i Florø og ønskjer å delta på møtet kan du sende ein e-post til Audun Korneliussen på e-post Audun.Korneliussen@flora.kommune.noinnan fredag 19. januar kl. 12:00. Etter dette vil vi kome tilbake til kva båt/båtar som går.

kinn kommune informasjonsmøte annonse_flora.jpg