Arbeidet med Kinn kommune går framover. Sist onsdag var ressursgruppa med folk frå Flora og Vågsøy samla i Florø. Det var ein leiken og fin workshop. Jobben til ressursgruppa er å skape draumar og mål for den nye kommunen. Det kom fram mange gode innspel. Geelmuyden Kiese saman med A til Å i Florø, som er med på å leie prosessen med kultur, identitet og symbol, er opptekne av å høyre «folkesjela». Det kom fram mange gode innspel. Stikkordet som gjekk igjen var samarbeid - og som ein av deltakarane sa; No heiter det ikkje lenger eg - no heiter det vi.