Vår tidlegare praktikant frå vårparten i fjor, Eli Anne Jagedal Solvang, er no ferdig med sin bachelorgrad i planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. I bacheloroppgåva har Eli Anne skrive om Kinn kommune, og sett på korleis ein arbeidsgjevar kan involvere medarbeidarar i ein endringsprosess. Oppgåva er basert på ei spørjeundersøking sendt per e-post til tilsette i Flora og Vågsøy kommunar. Vel over to hundre tilsette besvarte undersøkinga.

Funn i frå arbeidet hennar syner at medium som fredagsbrev og e-post er dei som er mest nytta for å tileigne seg informasjon om prosjektet på for tilsette. Etter dette følgjer lokalmedia, informasjonsmøter og heimesida. 

Mellom anna viser spørjeundersøkinga at 90 prosent følar dei er avhengige av sine kollegaer for å løyse arbeidsoppgåver, og like mange opplever tett samarbeid med kvarandre. Funna viser også at dette er noko alle tilsette trivst med, og at dei lærar mykje av kvarandre. På same tid svarer alle tilsette at dei opplever stor grad av ansvar i arbeidet sitt og er godt nøgd med dette.

Dette er positive funn både for prosjektet, og for det vidare arbeidet etter 01.01.2020.

Vi takkar Eli Anne for at ho delar sine funn med oss!