Administrativ styringsgruppe

Prosjektrådmannen si leiargruppe blir kalla administrativ styringsgruppe (ASG). I tillegg til prosjektrådmannen er kommunalsjefane og, stabsleiarane og to tillitsvalde med. ASG vil i løpet av 2019 legge fram saker til prosjektrådmannen, der han gjer vedtak om korleis administrasjonen i Kinn skal sjå ut. Vi snakkar om organisering, val av fagsystem, og anna som skal sikre framdrifta i samanslåingsprosessen.

Medlemmane i ASG finn du her.

ASG møter annan kvar veke på måndagar. Prosjektstaben vil syte for at alle referat og vedtak frå desse møta vert gjort tilgjengeleg på heimesida til Kinn kommune under "For tilsette".

Tilsetting av leiarar

Prosjektrådmannen har gitt kvar kommunalsjef og stabsleiar eit iverksettingsskriv som gjev kvar av dei føringar og fristar for organisering av sitt ansvarsområde. Det er no også vedteke ein framdriftsplan med prosess for tilsetting av leiarar under kommunalsjefar og stabsleiarar. Målet er at dei skal vere tilsett innan 22. mars i år.

Merkantile oppgåver

Merkantile oppgåver er ulikt organisert i kommunane i dag.

Det er bestemt at merkantile oppgåver og fellestenester som ikkje krev fagkunnskap innan eit fagområde skal løysast i staben informasjon og service, så langt det er tenleg. Kvar kommunalsjef og stabsleiar skal sjølv melde inn kva oppgåver som skal organiserast under staben informasjon og service innan 31. januar.

Organiseringa gjeld oppgåver, og ikkje personar.

Reinhald

I dag er reinhaldsavdelinga i Flora og Vågsøy organisert ulikt. I Vågsøy er alt av reinhald organisert i ei felles reinhaldsavdeling under Bygg og eigedom. Denne avdelinga tek alt reinhald på formålsbygg, institusjonar og i private heimar.

Det er vedtatt at reinhald og praktisk bistand i heimetenesta vert organisert i ei felles reinhaldsavdeling under kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø. Reinhald av institusjonar vert også lagt til reinhaldsavdelinga.

Bustadkontor

ASG har vedteke at bustadkontoret vert organisert under kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø. Sjølv om organiseringa vert slik, er det naudsynt med omsyn til publikumsmottak at dei er fysisk lokalisert i lag med stab for informasjon og service.

Andre vedtak

Du finn alle vedtak under sida "Administrativ styringsgruppe" i venstre marg.