Skule og barnehagar sin organisering vil ikkje bli endra i Kinn kommune, og vil vere der dei er med leiarane dei har i dag. Dei vert også organisert under kommunalsjef for oppvekst og undervisning med ein felles fagstab.
Kinn kulturskule skal ha ein rektor/tenesteleiar. Flora og Vågsøy har i dag kvar sin kulturskule, men desse blir slått i saman til Kinn kulturskule. Kulturskulen vil vere tilstade både i Florø og Måløy med ein avdelingsleiar på begge stader.
PPT blir ein eigen teneste i Kinn kommune. Flora sin PP-teneste vil bli utvida med tal stillingar for å dekke barnehagar og skular i Vågsøy. Vågsøy har i dag eigen logoped som vil bli ein del av PP-tenesta i Kinn kommune.
Helsestasjon blir ein eigen teneste med ein tenesteleiar. Det skal vere ein avdeling i Florø og ein i Måløy, med ein avdelingsleiar på kvar stad.
Barnevern vert ein eigen teneste med ein tenesteleiar/barnevernsleiar. Både Florø og Måløy skal ha ein avdeling med ein avdelingsleiar på kvar stad.
Administrativ styringsgruppe
ASG møter frå no av kvar veke på måndagar for å betre ta i vare drøftingssaker. Dette vert fysiske møter i Florø og Måløy.
Alle referat og vedtak frå desse møta vert gjort tilgjengeleg på heimesida til Kinn kommune under "For tilsette".