Helse- og velferdstenestene
Organiseringa innan helse og velferd er basert på prinsippa om neste, og beste praksis. Prosjektrådmannen har no vedteke organisasjonsstrukturen for desse tenestene. Kort fortald:
Institusjonar. I dagens to kommunar har Vågsøy ein institusjon, og i Flora er det to institusjonar. I Kinn kommune vil desse få ein tenesteleiar kvar, og to avdelingsleiarar som har det daglege ansvaret på kvar avdeling. Dette er viktig for at kvar einskilde tenesteleiar skal ha både fag-, personal- og økonomiansvar på heile institusjonen.
Heimetenesta vert etter samtale med tenesteleiarar i kommunane, og kommunalsjef i Vågsøy, delt opp i tenester med om lag 20 årsverk kvar. Etter denne organiseringa er det rom for vekst i samband med ei forventa auke i heimebuande som er pleietrengande.
Bu- og miljøtenesta vert delt opp i tenester med same storleik som heimetenesta. Unntaket er Skridsholgate 13 og 7/9 i Florø som vert slått i saman til ein teneste. Vi vil i større grad kunne nytte personalet i begge bygga som vil føre til effektiv drift. Her vert det tilsett 50% avdelingsleiar i tillegg til tenesteleiar.
Rus- og psykiatritenesta vert ein teneste med ein tenesteleiar. Det er forventa at det skal vere ein ressurs som stadleg leiar på ein eller begge lokasjonar. Storleiken kjem vi tilbake til.
Helsetenesta vert også ein teneste for Kinn kommune, med ein tenesteleiar. Eit eventuelt behov for ressurs under tenesteleiar kjem vi tilbake til. Dette vil følgje etter arbeidsgruppa som jobbar med organisering av legetenesta er ferdig med sitt arbeid.
Vi kjem tilbake til kva omgrep eller tittel ein skal bruke for dei ulike stillingane.
Teknisk sjef
I Flora er der i dag ikkje fast tilsett sjef for teknisk sektor, og i Vågsøy vil teknisk sjef slutte innan Kinn kommune er i drift. Prosjektrådmannen har no vedteke at stilling som teknisk sjef i Kinn kommune blir utlyst eksternt. Dette er avklart med rådmennene.
Teknisk sjef har, og vil ha, ei sentral rolle i administrasjonen. Til stillinga ligg mellom anna ansvar for vann og avløp, vegar, parkar og meir. Innanfor desse områda er det også naudsynt med vakt- og beredskapsordningar. Tenesta får også ansvar for til dels store og kompliserte investeringsprosjekt for grunnleggande samfunnsinfrastruktur.
Administrativ styringsgruppe
ASG møter frå no av kvar veke på måndagar for å betre ta i vare drøftingssaker. Dette vert fysiske møter i Florø og Måløy.
Alle referat og vedtak frå desse møta vert gjort tilgjengeleg på heimesida til Kinn kommune under "For tilsette".