Barnevern og helsestasjon
Organisering av barnevern og helsestasjon har tidlegare vore til handsaming i ASG den 07. januar. Den gang vedtok prosjektrådmannen at barnevern og helsestasjon skulle vere organisert under kommunalsjef for helse og velferd. Dette med bakgrunn i arbeidsgruppa for helse og omsorg sitt forslag til organisering.
Etter innspel frå tillitsvalde og deira dialog med tilsette i Vågsøy var det kome forslag til anna organisering. Med bakgrunn i dette vedtok prosjektrådmannen i møte den 28. januar at barnevern og helsestasjon skal organiserast under kommunalsjef for oppvekst. Tilsette i Flora var allereie einige i denne organiseringa.
Delprosjekt for IT-system
Fleire tilsette innan økonomi, helse og velferd, teknisk og personal m.fl. vert no involvert i fleire delprosjekt for innfasing av IT-system. Assisterande rådmann, og kvar kommunalsjef og stabsleiar er ansvarlege for å melde inn medlemar for sitt ansvarsområde til desse prosjekta.
Her er nokre få av delprosjekta som går føre seg:
- Heimeside for Kinn
- Skule- og barnehagesystem
- Turnus og tidsplanlegging
- Omsorgssystem
- Arkivsystem (WebSak)
- Budsjettsystem
Det blir avklara med kvar einskilde person før dei blir meldt inn som deltakar.
Merkantile oppgåver
ASG drøfta også merkantile oppgåver, og kva for ei teneste dei skal høyre til. Dette er eit omfattande arbeid. ASG vil difor halde eit heildagsmøte den 18. februar for å gå gjennom dette.
Administrativ styringsgruppe
Prosjektrådmannen si leiargruppe blir kalla administrativ styringsgruppe (ASG). I tillegg til prosjektrådmannen er kommunalsjefane og, stabsleiarane og to tillitsvalde med. ASG vil i løpet av 2019 legge fram saker til prosjektrådmannen, der han gjer vedtak om korleis administrasjonen i Kinn skal sjå ut. Vi snakkar om organisering, val av fagsystem, og anna som skal sikre framdrifta i samanslåingsprosessen.
Medlemmane i ASG, referat og vedtak finn du her.
ASG møter annan kvar veke på måndagar. Prosjektstaben vil syte for at alle referat og vedtak frå desse møta vert gjort tilgjengeleg på heimesida til Kinn kommune under "For tilsette".